Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei lita glede i kvardagen

Jon Olav Ørsal Sundag 11. september 2022

Forleden fann Sidsel Heimlund ein liten pose som hang på ein grein i Toåa Tursti.  Sidsel vart litt nysgjerrig og tok ned posen som viste seg å være ein liten lykkepose, med ei lita helsing i kvardagen. 

Slik såg lykkeposen ut – den hang på ei grein i turstien. Foto Jon Olav Ørsal

Sidsel opna sjølvsagt posen for å sjå kva dette var – innhaldet var sjølvsagt enkelt og ikkje noko som hadde nokon vesentleg verdi.  Men det var da heller ikkje vitsen, for det var bodskapet og gjevargleda som var så betydningsfull, tykkjer Sidsel. 

Ord til ettertanke – Ei lita påminning og trøst til den som fann lykkeposen. Foto Jon Olav Ørsal

Seinare har ho vorte kjent med at det er fleire som har funne slike lykkeposar, og Sidsel har også funne ut at det er Linda Tørset som har spredd glede til fleire på denne måten. No vil ho berømme Linda for dette slik at ho skal vite at dette blir sett pris på.  

Publisert: 11. september 2022, 18:33