Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sikrar slekters gang i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. september 2022

Todalen Elveeigarlag legg vekt på at laksegenene frå Toåa skal førast vidare.  Derfor er Statkraft pålagt å ale sette ut eit antal smolt som er knytt opp mot avtalen som Trønderkraft har med overføring av ein del av nedfallsområdet til Driva kraftverk.  Kvart år blir det difor drive med stamfiske til denne prosessen.  Eit antal laks blir fanga og frakta til stamlakshuset ved Bjøråa, og så blir det teke genprøvar for å sikre at ein avlar vidare på laksar med ekte «todalsgener».  

Snorkling – måndag var det i Raubekkhølen det foregikk. Ole Martin Øyen, Bjørnar Aasbø og Tommy Thunestveit var utstyrt med våtdrakter og snorkel på jakt etter laksen. Foto Jon Olav Ørsal

Måndag kveld var det stamlaksfiske i regi av Todalen elveeigarlag, og Ola Einar Øyen fortel at det var fange til saman 11 laksar – 6 hannar og 5 hoer.  Dei var i størrelsen 2,5 til 6-7 kg, i morgon skal dei vegast og målast – og det skal takast skjelprøvar som sendast inn til gentesting.  Egentleg er det mange nok, men for å være +på den sikre sida så bør ein nok ha 2 til av kvart kjønn.  Under gentesting vil det som oftast går ut nokre som ikkje har reine gener. 

Etter kvar som han blir fanga hamnar dei i transportkaret – der er det tilsett oksygen – vidare blir dei transportert til stamfiskhuset ved Bjøråa. Foto Jon Olav Ørsal

Her er laksen fanga i veska for transport opp frå elva. Foto Jon Olav Ørsal

-Vi har vorte reint så effektive under stamfisket, fortel Ola Einar – vi brukar store hovar og det gjer at vi stressar fisken mindre enn før, da vi dreiv med garn.  Erfaringsvis er det også betre å fiske når vatnet i elva ikkje er for varmt – dermed vart det ein del fråfall etter at laksen kom til stamhuset.  Etter at vi venta til gytetida nærma seg så vart resultatet betre og i tillegg så treng ikkje laksen stå i stamhuset så lenge.

Ola Einar Øyen plasserer laksen transporttanken der det er tilsatt oksygen. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 13. september 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 12. september 2022, 22:41