Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2022

Vi fann 98 artiklar i dette arkivet.



Bli med stavgangarane til Roparen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. september 2022

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Roparen torsdag 8. september klokka 11:00. Parkering på parkeringsplassen ved Surnadal Alpinsenter i Sæterlia. 


Kløvertur i Brusethaugane

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. september 2022

Nok ein måndag med sol og fint ver da Kløveturgjengen starta frå Bruset og oppover skogsvegen.


VIKTIG om bruk av Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 5. september 2022

Etter at Todalen Idrettslag, for ei stund sia, montert elektronisk dørlås på Hett & Svett, har døra ved eit par høve vore slått så hardt  att at batteria på innsida av døra har sprotte ut. Når dette skjer er det ingen som kjem seg inn for å få trena, før batteria er på plass att. 


Grøn og frodig kyrkjedag

Tekst: Bernt G. Bøe Sundag 4. september 2022

– Grønaste dagen i kyrkjeåret, sa Torbjørn Brøske da han innleia søndagens hausttakkefest i Todalskyrkja.
Både den grønfarga stolaen på prestedrakta og kledet på lesepulten viste at vi er inne i vekstperioden – treeiningstida, forklarte Torbjørn, som no har vikarstilling som sokneprest utover hausten


Prishopp på straum i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 4. september 2022

Utpå ettermiddagen i dag får vi eit lite straumsjokk – da stig straumprisen til rekordhøgde, med kr 4,96 pr kWh (kilowattime), og det er mesta sør-norsk nivå som i dag er kr 5,02 på det dyreste søndag ettermiddag. Grunngjevinga for dei høge straumprisane er høge gassprisar og den generelle energikrisa som rår i Europa, og som mellom anna har årsak i krigen i Ukraina


Kløvertur til Kleiva og Lundingsplassen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 3. september 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 5. september. Start frå Matkroken kl. 11:00. Blir du med?


Fotball på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. september 2022

Onsdag 7. september klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt G10 lag mot Surnadal G10. Det er fleire todalingar på båe lag, så her får ein garantert sjå mange kjente fjes! 


Todalshytta – sesongslutt men ikkje stengt

Jon Olav Ørsal Fredag 2. september 2022

I turistsesongen har Todalshytta vore open for dropin-gjestar og hatt open restaurant med À la carte-meny. No når sesongen er slutt går vi over i ei anna fase, men Todalshytta er slett ikkje stengt, seier Arve Evensen, som er vertskap på Todalshytta. No blir det fokus på selskapsarrangement, temadagar – eks. balldag, fårikålkveld, lutefiskkveld, pinnekjøtt – og mykje anna godt for ganen.


Stavgangarane tok turen til Kvenndalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. september 2022

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag fekk ein skikkeleg finvêrstur til Kvenndalen i går. 22 stavgangarar gjekk frå gapahuken og opp til Trollmyran. Derifrå hadde dei fin utsikt innover dalen. 


Matkroken med pristak på 200 daglegvarer ut året

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. september 2022

For å hjelpe til med å takle ein kvardag med stor kostnadsauke har Matkroken og d3ei andre kjedene i Coop-systemet gått ut med garanti for at dei skal halde prisane uendra – eller lågare, for 200 av dei mest populære daglegvarene


Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. september 2022

Det er overskrifta på ei melding vi har fått frå Omsorgs-beredskapsgruppa i Surnadal, ved Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening. «Vi kan alle oppleve store og små kriser der vi bor. Av og til er det behov for frivillig innsats og at noen kan bistå kommuner og nødetater når det trengs. Vi opplever oftere strømbrudd, men også leteaksjoner, brann, langvarig tørke eller evakueringshendelser. Her kan Omsorgsberedskapsgruppene i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) bistå. I 150 kommuner med over 3500 aktive medlemmer.»