Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grøn og frodig kyrkjedag

Tekst: Bernt G. Bøe Sundag 4. september 2022

– Grønaste dagen i kyrkjeåret, sa Torbjørn Brøske da han innleia søndagens hausttakkefest i Todalskyrkja.
Både den grønfarga stolaen på prestedrakta og kledet på lesepulten viste at vi er inne i vekstperioden – treeiningstida, forklarte Torbjørn, som no har vikarstilling som sokneprest utover hausten.

Dagens predikant Elsa Jensvold er korsberar under utgangen etter gudstenesta. Foto Randi V. Bøe

Ikkje minst 4H-gruppa «Start» sette farge på dagen. Dei pynta kyrkja si med markens grøde – endatil mais frå Todalen! Lisa og Martine frå 4H deltok i prosesjon, bar frukt og grønt og fortalte levande om arbeidet i gruppa si. I preika tala Elsa Jensvold om kor vennleg Jesus tek imot oss alle – små som store. Salmevalget var også prega av dette. Når mange har roller, skaper det liv i gudstenesta. Ikkje mindre enn ni aktørar bidrog denne dagen – attåt ei deltakande og syngande forsamling.

Dagens liturgi med veksellesing, bibeltekster, bøner, forkynning, takkoffer, song og musikk gjorde hausttakkefesten til ei på alle måtar grøn og frodig stund i Todalskyrkja.

Frå inngangsprosesjonen. Foto Randi V. Bøe

Kyrkjerommet var pynta til haustleg takkefest. Foto Randi V. Bøe

Publisert: 4. september 2022, 16:18