Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prishopp på straum i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 4. september 2022

Utpå ettermiddagen i dag får vi eit lite straumsjokk – da stig straumprisen til rekordhøgde, med kr 4,96 pr kWh (kilowattime), og det er mesta sør-norsk nivå som i dag er kr 5,02 på det dyreste søndag ettermiddag.  Grunngjevinga for dei høge straumprisane er høge gassprisar og den generelle energikrisa som rår i Europa, og som mellom anna har årsak i krigen i Ukraina. 

Laurdag var strumprisane i Midt-Noreg i gjennomsnitt på kr 0,41 pr kWh og kr 0,69 på det dyraste, medan det i dag altså er på kr 4,96 på det dyraste og vil få ein snittpris på kr 1,69 pr kWh.  Da snakker vi om rein energipris, og i tillegg kjem nettleie, avgifter og merverdiavgift.  Dermed blir nok prisane så høge a regjeringas straumstøtte vil slå inn. 

I Nord-Noreg renn det framleis over med billeg straum, og den gjennomsnittlege straumprisen i nord er i dag sett til 13,9 øre på kraftbørsen Nordpool.  Det blir no spanande å sjå korleis prisutviklinga vil gå i Midt-Noreg.   Dei høge straumprisane fortsett også måndag, med ein snittpris på kr 1,50 pr kWh – link til Nordpoolen finn du her.

Publisert: 4. september 2022, 08:00