Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta – sesongslutt men ikkje stengt

Jon Olav Ørsal Fredag 2. september 2022

I turistsesongen har Todalshytta vore open for dropin-gjestar og hatt open restaurant med À la carte-meny.  No når sesongen er slutt går vi over i ei anna fase, men Todalshytta er slett ikkje stengt, seier Arve Evensen, som er vertskap på Todalshytta.  No blir det fokus på selskapsarrangement, temadagar – eks. balldag, fårikålkveld, lutefiskkveld, pinnekjøtt – og mykje anna godt for ganen.

Vi kan også nemne Premier League og fotball-VM – eller du kan rett og slett ta med 8-10 vener til ein triveleg kveld på hytta – og litt god mat å kose seg med.  Vi er fleksible og har eit godt kjøkken, smiler Arve.  

Arve oppsummerer årets fiskesesong som litt laber – vi har ikkje klart å gjenskape den sktiviteten som var før dei to berømte koronaåra.  Til neste sesong justerer vi opplegget litt og reknar med at vi skal få auka interessen igjen.  

Vanskeleg å få full fres på laksefiske etter dei to koronaåra men eg trur vi er på rett kurs no, seier Arve Evensen ved Todalshytta. Foto Jon Olav Ørsal

Når det gjeld ordinære overnattingsgjestar så har vi i år merka ein markant auke i interessen for Todalshytta.  Det har spesielt vore gjestar som har gått dagsturar og som har overnatta på hytta for å kose seg med god mat og godt stell her på hytta på kveldstid.  Fjellturistar som går frå hytte til hytta har vi ikkje så mange av på Todalshytta, og disse har nok vore fråverande på grunn av vêret i år –  hyttene i Innerdalen og resten av Trollheimen melder om stor nedgang i den trafikken.  På Todalshytta har vi forresten merka aukande interesse for overnatting for gjestar i tilknyting til restauranten hos Tore og Kristina i Svinvika. 

Vår eigen restaurant – Kmmerpike Ediths spiseri – har hatt jamnt godt besøk i sommar, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar på maten vi har servert.  Det sett vi stor pris på og det er med og inspirerer oss til vidare satsing –  mellom anna temakveldane vi alt har nemnt. 

Publisert: 2. september 2022, 14:35