Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Brusethaugane

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. september 2022

Nok ein måndag med sol og fint ver da Kløveturgjengen starta frå Bruset og oppover skogsvegen.

Stemninga var god, og praten gjekk lett i motbakkane til Lundingsplassen. På nedturen vart det pause på Kleiva – ein triveleg plass med utsyn utover bygda og fjorden.

På Huagligardane. Både turgjengen og fellesfjøskyrne treivst i finveret. Foto: Marit Sanden Søyset.

På Haugligardane ferierer for tida kyr frå Todalen samdrift, og dei helsa gjerne på turgjengen.

Neste måndag blir det tur frå Gammelfabrikken og opp til Tjønnmyrane.

Samling på Kleiva. Her er: Jorunn, Åse Johanne, Arndis, Dordi Jorunn, Helga og Helen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 5. september 2022, 21:35