Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra tilslutning på Stikk UT!- Festivalen

Jon Olav Ørsal Fredag 9. september 2022

Det var bra tilslutning til Stikk UT! Festivalens arrangement i Toåa Tursti fredag kveld.  Eit hundretals deltakarar kom på arrangementet i Toåa Tursti, og det er vi godt nøgde med, seier Ola Fremo og Liv Synnøve Hoel frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd. 

Arrangementet var eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening og Todalen Idrettslag og det var deltakarar frå fjern og nær, og spesiel var det artig at det var så mange born som deltok, sa Hoel. 

Både store og småe deltok på Stikk UT!-festivalen Stor stas med gratis is blant dei minste! Foto Jon Olav Ørsal

I tillegg til at folk fikk seg ein trimtur, så var det opplegg med mange gratislotteri og mange flotte gevinstar – og det var utdeling av sunn turmat.  Her var det både frukt og grønt, og knekkebrød som folk kunne forsyne seg av heilt gratis. Fremo og Hoel fortalte om suksessen med Stikk UT!- turane.  I fjor var det registrert 1,2 mill. turar i Møre og Romsdal på til saman 500 turmål.  No er det lansert Stikk UT! Saman og Stikk UT!-festival som ei gulrot for å få enda fleire ut av sofaen og med på tur. 

Ann kristin Bruset orienterte om Followman og opplegget dei har i Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

Ann Kristin Bruset orienterte om Fellowman Surnadal, som har gått eit skritt vidare og organisert ei gruppe som driv aktivt.  Dei samarbeider om å delta i trim- og livsstilaktivitetar med støtte frå helsedirektoratet. 

Sunn turmat til utdeling til deltakarane. Foto Jon Olav Ørsal

Sosialt er det og – her går praten rundt bordet ved gapahuken. Foto Jon Olav Ørsal

Arrangørane med gevinstbordet – frå venstre Hans Torslett, Karina Tafjord, Kate Hatvik, Cathrine Groth, Ann Kristin Bruset og Liv Synnøve Hoel (fra friluftsrådet. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. september 2022, 19:23