Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. september 2022

Veret var grått og surt, og det var yr i lufta. Men 11 turglade jenter stilte på Kløvertur til Tjønnmyran.

Etter start frå forskjellige plassar samlast alle opp Tjønnmyrå og gjekk rundt i den fine turløypa der. Det er ein triveleg plass for tur og trim.

Lang kaffepause! Foto: Marit Sanden Søyset.

Så vart det samling rundt langbordet i gapahuken. Bordet var fint pynta, og det kom bakels, kjeks, plommer og andre godsaker på bordet. Altså vart det lang pause og god samtale, like viktig som trimmen!

Neste kløvertur blir etter skogsvegar i Dalalia med start frå parkeringsplassen på Kårvatn. 

Fleire bilete:

Turgjengen: Arndis, Kari, Synnøve, Åse, Berit, Karen Johanne, Jorunn, Jean, Helga, Dordi Jorunn. Foto: Marit Sanden Søyset.

Jenter på tur! Marit, Åse, Helga, Arndis. Foto: Dordi J H

Triveleg bordsete! Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 12. september 2022, 22:22