Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei stor ære for oss å motta denne prisen

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. september 2022

Tysdag fekk Cathrine og Gudmund Kårvatn tildelt Kulturlandskapsprisen for 2022.  Det er ei stor ære for oss å motta denne prisen, og det er ein viktig motivasjon til å fortsette arbeidet vidare.  Grunnlaget for prisen er den allsidige aktiviteten som syner at Cathrine og Gudmund er opptekne av å ta vare på verdiane og vidareføre dette til neste generasjon.  Værgudane viste seg også frå si beste side da prisutdelinga gikk føre seg i gardstunet på Kårvatn. Prisen var eit kunstverk og ein sjekk på 10.000 kroner

Kulturlandskapprisen – fra venstre utdelarane Tove Lise Torve og Else May Norderhus. Til Høyre prisvinnarane Gudmund og Cathrine Kårvatn. Prisen var eit kunstverk og kr 10.000. Foto Jon Olav Ørsal

Det var landbruksdirektør Frank Madsøy som ønska velkomen og orienterte om programmet.  Torgeir Leivdal bidro med kulturinnslag, – eit par slåttar etter Hallvard Ørsal.  Fylkesordførar Tove Lise Torve orienterte om statuttane for prisen og prosessen med å finna den verdige vinnaren.  Juryen bestod av fylkesordførar Tove Lise Torve, statsforvaltar Else May Botten, fylkeskonservator Bjørn Ringstad og ass. landbruksdirektør Brit Kari Eidseflot Hauger.  Eit arbeidsutval hadde plukka ut 12 kandidatar og her var det kamp heilt til målstreken – til fordel for Cathrine og Gudmund. 

Ønska velkomen – landbruksdirektør Frank Madsøy. Foto Jon Olav Ørsal

Etter ein regnfull sommar var det kjekt å kome hit til den grøne oasen ved innfallsporten til Trollheimen, sa Frank Madsøy i si velkomsthelsing.  Else May Norder hus gratulerte både på eigne vegne og helsa frå dronning Sonja som var gjest på Kårvatn på 80-talet.  Else May delte ut prisen saman med fylkesordførar Tove Lise Torve.  – Vi er audmjuk for å kunna ta i mot ein slik pris, og det blir da ofte lange dagar, sa Gudmund i sin takketale. -Men lange dagar er faktisk ein livsstil, og eg er heldig som har Cathrine.  

Kulturinnslag – Torgeir Leivdal presenterte slåttar etter Hallvard og Ane Ørsal. Foto Jon Olav Ørsal

Det har vore kjent aktivitet på Kårvatn sia 1400-talen, men det starta nok lenge før den tid – kanskje alt i sein steinalder.  Dagens oppsittarar har drive garden i 12 generasjonar, og driv i dag med varierte aktivitetar – men den viktigaste er nok kjøtproduksjon med ammekyr.  Den utnyttar- og held kulturlandskapet i trim.  Elles er det butikkdrift, fjellturisme og ikkje minst har randonee- og skyrunaktivitetar plassert Kårvatn på kartet.  

Kortreist lunch – Hammerstuene sørga for traktering med lokal mat – mellom anna anguskjøtt frå Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal

Ordførar MargreteSvinvik helsa frå Surnadal kommune, og sa at ho var stolt over å ha eit slikt livsverk innafor kommunen.  Ho gratulerte og overrekte blomsterhelsing og ei bok . Etter prioverrekking, talar og helsingar var det tid for ein matbit.  Det vart ein kortreist lunch, med anguskjøtt frå Kårvatn i hovudretten traktert som retten «kjøtt i mørke» med lokale grønsaker og dessert med råstoff frå lokale leverandørar – traktert av HammerStuene på Surnadalsøra. 

Gudmund Kårvatn orienterer om forskningaktivitetane som går føre seg på Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal

Etter lunchen var det tid for omvisning, der prisvinnarane orienterte om beitebruken i utmarka og om forskninga som foregår på Kårvatn, der forskningsstasjonen er referansepunkt for den reinaste lufta og reinaste vatnet i Nord-Europa. 

Angus kosar seg på beite i Dalahaugen – her får kulturlandskapet skikkeleg pleie. Foto Jon Olav Ørsal

Omvisning til beiteområdet ved Dalahaugen der ein del av anguskrøttera går på beite. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 6. september 2022, 14:41