Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok ein finverstur for Fjellgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. september 2022

I går vart det nok ein finvêrstur for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Da gjekk nemleg den vekentlege fjellturen til Knyken. «Det må vera noko med fjellufta! Da vi starta på dagens tur var vi 29, men på Knyktoppen hadde vi vorte 31! Ikkje verst for ein såpass godt tilårskommen gjeng!», kan Kristian Ranes i Fjellgruppa muntert fortelje. 

Opp mot Svarrafjellet og Honnstadknyken. Foto: Anne V. Einum

«Vergudane er i godlag for tida – dei freistar kanskje å gjera godt att etter ein survoren sumar. Du kan seie kva du vil, men fjellet er gauast i finver», fortsett han. 

Lenger til Knyktoppen enn det ser ut for. Foto: Anne V. Einum

«Mesta oppe møtte vi gammelordføraren på tur ned, Ho måtte ha starta i otta», fortel Kristian vidare. 

Start på nedturen frå Knyken. Foto: Anne V. Einum

«Rasten på toppen vart lang – det var ein vel fortent premie å sitte og fintalast og nyte synet av fjella innover», seier han. 

Med godt humør og god form går heimturen lett. Foto: Anne V. Einum

«Vel nede var vi samde om at den gamle skulestilendinga passa: Det var ein fin tur!», avsluttar Kristian. 

Eventyrleg vakkert skue mot Stangvikfjorden. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går kan du sjå nedanfor:

Publisert: 7. september 2022, 05:50