Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vegstikker med ny aktør

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. september 2022

Det var litt uvant å treffe på Veidekke-bil som jobba med vegstikker ovafor arboretet i Svinvika i dag.  Men det er da kome til eit skifte frå Mesta som har drive vedlikehald på vegane her i mange år – no er det Veidekke som står for denne jobben.  Dersom vi hugsar rett så blir dei å finne på vegane her i minst 7 år – kanskje lenger?  Vi trefte iallfall Ole Peder Holten og Ola Svinsås som var i gang med å plassere ut vegstikker – dei to skulle sette ut korte stikker langs vegen som hadde rekkverk. 

Neste veke startar jobben med å plassere ut resten av vegstikkene på Indre Nordmøre –  det skjer med traktor og spesialutstyr for føremålet. Utplasseringa av vegstikker skal skje i september.  Får faktisk håpe at det ikkje blir bruk for dem på eis stund enno, men det er da greit at dei er komne på plass når vinteren melder seg. 

Publisert: 8. september 2022, 12:10