Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen – Surnadal G10

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. september 2022

I kveld var det eit skikkeleg klassisk lokaloppgjer i lokalfotballen, da Søya/Todalen G10 spela seriekamp mot Surnadal G10 på Bordholmen stadion. Det er tre todalingar som spelar på Søya/Todalen sitt lag, medan det er til vanleg er to todalingar på Surnadal sitt lag, så her var det mange kjente fjes å sjå. 

Surnadal i angrep. Foto: B G Ansnes

Første omgang starta jamt der spelet bølga att og fram, men det var gjestane som kom til dei fleste sjansane, men ein god Søyakeeper stod i vegen for avslutningane. Utover i omgangen fann bortelaget oppskrifta for å omsetje sjansane sine i teljande resultat. Da laga gjekk til pause leia derfor bortelaget. 

Søya/Todalen i angrep. Foto: B G Ansnes

Andre omgang starta litt som første, men det var framleis bortelaget som fekk utteljing i målprotokollen. For heimelaget sin del var det mykje bra spel, men det ville seg ikkje framfor mål. 

Hjørnespart til Søya/Todalen. Foto: B G Ansnes

Det var bra med publikum, og dei fekk sjå ein underhaldande kamp  med mykje godt spel og god kjemping. Sjølv om det var mykje kjemping, så vart det aldri noko stygt spel som resulterte i frispark eller kort. «Det var ein lett kamp å dømme, sjølv om det var mange duellar og kjemping», sa dommaren etter kampen.

Neste onsdag (14. september) klokka 18:00 er det klart for sesongens siste kamp på Bordholmen stadion!  

 

Publisert: 7. september 2022, 19:16