Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkja i Surnadal inviterer også i haust til felles middag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. september 2022

Kyrkja i Surnadal fortsett også i haust tilbodet om felles middag, siste onsdag i månaden fram til advent. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 

Første felles middag på kyrkjelydshuset på Skei i haust, blir onsdag 28. september klokka 16:00.

Felles middag kostar kroner 50,- per person over 12 år, medan det for personar under 12 år er gratis. Du kan betale med kontantar eller Vipps.

Påmelding til Elsa Jensvold på telefon 995 18 162. Du kan også sende SMS, men da må du hugse å skrive antall og alder på dei du melder på. Påmelding seinast måndagen før. 

Dei andre datoane for felles middag i haust er: 

  • Onsdag 26. oktober
  • Onsdag 30. november

Plakat – felles middag

Kyrkja i Surnadal ønske alle velkommen til Felles middag!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. september 2022, 12:15