Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2022

Vi fann 118 artiklar i dette arkivet.


Sommaravslutning med grilling

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. juni 2022

I går kveld hadde Todalen sanitetsforening invitert alle todalingane til sommaravslutning med gratis grillmat. Vêrgudane varta ikkje opp med det beste vêret for grilling, så maten måtte nytast innandørs.  Det vart leikevel ei triveleg sommaravslutning. Og det viktigaste av alt, dei som tok turen, var verkeleg godt nøgd med både serveringa og arrangementet. 


2. juli er det klart for TodalsCupen 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. juni 2022

Årets utgåve av TodalsCupen i aldersbestemt fotball, blir arrangert under årets Todalsdagen på Bordholmen stadion 2. juli. Her blir det fotballcup for aldersgruppa 6 – 11 år. Det er i år 30. gongen Todalsdagen blir arrangert. I tillegg til fotballcup blir det «Ræta opp», «Mini Ræta», lotteri, sal av grillmat, open kiosk og litt til!


Campingplassen ved Bordholmen klar for ny sesong

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. juni 2022

Etter at Todalen Idrettslag, på sitt årsmøte i mars, vedtok å legge ned campingplassen ved Bordholmen stadion, overtok Todalen Elveeigarlag, gjennom ein leigeavtale med idrettslaget, drifta av campingplassen. Elveeigarlaget leiger dusj, toalett og straum av idrettslaget. Elveeigarlaget har i løpet av våren måla veggane både dusjen og på toalettet. Så no er campingplassen klar til bruk, og det passar godt, sidan laksefisket tok til no ved midnatt, natt til i dag. 


Fjellgruppa tok turen til Kristianvarden

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. juni 2022

I går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Kristianvarden, som ligg nesten på toppen av Skarfjellet. Takka vera vennleg grunneigar og kjentfolk, så fekk Fjellgruppa køyre opp hyttevegen, noko som reduserte høgdemetrane dei skulle gå oppover litt. 


Korta ned ventetida med konsert

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2022

Tysdag kveld var det nok mange som venta på at klokka skulle passere midnatt, slik at laksefisket i Toåa kunne starte. På Todalshytta var det Linda og Frank «Spoon» Botten som sørga for å korte ned ventetida med intimkonsert i peisestua for både laksefiskarar, gjestar og andre som hadde lyst til å høre.


Årets fiskeeventyr for jenter og damer

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. juni 2022

Det nærmar seg kurs og introfiske laks, flue og sluk for jenter og damer. Dette skjer første helga i juli (1. – 3. juli). Kurset er opent for alle jenter og damer, også ikkjemedlemmer. som har lyst til å lære å fiske i elva, både med flue og sluk. Det er kvinneutvalsleiarane i Surnadal og Fræna Jeger og Fiskerforeninger, Ingunn Settemsdal (Surnadal og Christina Bjerknes (Fræna), som har teke initiativ til å inviterer til årets fiskeeventyr for jenter og damer i elva Surna. 


SpareBank 1 SMN med pengegåve til Todalen IL

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. juni 2022

I slutten av mai tikka det inn ei gladmelding frå Samfunnsutbyttet i SpareBank 1 SMN til Todalen Idrettslag. I meldinga fekk idrettslaget beskjed om at SpareBank 1 SMN hadde gjeve 20.000 kroner i gåve frå Samfunnsutbyttet til kjøp av kantslåmaskin og veghøvel, primært for bruk i Toåa tursti og på Bordholmen.  


Todalen Elveeigarlag er klare for sesongopning i Toåa

Stig Husby Tysdag 14. juni 2022

Ved midnatt natt til onsdag opner fisket i Toåa, og set med det i gong ein sesong som skal vare til 15. august. Det er andre året i prøveordninga med ein samarbeidsmodell for laksefiske i Toåa, og no er både ivrige fiskarar og elvaaigarlaget spente foran årets sesong.


Telia – mobilnettet skal vere på lufta att i løpet av dagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. juni 2022

I ei melding frå Telia si kommunikasjonsavdeling akkurat no, får vi vite at mobilnettet i Todalen skal vere oppe å gå igjen i løpet av dagen. Det er kommunikasjonsrådgjevar Ellen Scheen i Telia som seier dette i ein e-post til redaksjonen. 


Sesongopning i Toåa ved midnatt

Stig Husby Tysdag 14. juni 2022

Tirsdag kveld frå kl 20:00 så inviterer Arve Evensen og Todalshytta både Todalinger og andre interesserte til opningskveld for årets laksefiske i Toåa.


Telia kom ikkje på lufta som lova

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. juni 2022

Vi meldte i 14-tida i dag, basert på informasjon frå Telias kundesenter, at mobilnettet ville vere på lufta att klokka 20:00 i kveld. Dette viser seg no å ikkje vere riktig. Siste informasjon vi har fått no i kveld frå kommunikasjonsavdelinga i Telia, ved Ellen Scheen, er at mobilnettet vil vere nede til torsdag ettermiddag. 


Stavgangturen går til Igltjønna i Rindal

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juni 2022

Surnadal pensjonistlags stavganggruppe inviterer denne veka til tur rundt Igltjønna ved Rindal sentrum.  Det skjer nærare bestemt torsdag 16. juni med oppmøte ved Igltjønna til vanleg tid kl 11:00.  Det kan kanskje bli norke regndråpar, så det lønner seg med gode klede til turen.