Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Kristianvarden

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. juni 2022

I går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Kristianvarden, som ligg nesten på toppen av Skarfjellet. Takka vera vennleg grunneigar og kjentfolk, så fekk Fjellgruppa køyre opp hyttevegen, noko som reduserte høgdemetrane dei skulle gå oppover litt. 

Oppstart i Kvenndalen. Foto: Anne V. Einum

– Vêret var ikkje heilt å lite på. På vegen opp stoppa vi attmed eit par husstore steinar, Under den eine var det eit godt rom som onnafolket før i tida bruka som overnattingsplass når dei slo i marka, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje. .

Gammel slåttebustad. Foto: Anne V. Einum

– Skråtaket var borte, men ein oppmura levegg og ei slipsteinskrykkje stod att og minte om farne tider. Høyet frå utmarka var avgjerande for dyrehaldet mange stader, fortel han vidare. 

Over mange snøbreer. Foto: Anne V. Einum

– Det vart litt vandring over store snøfonner, før vi midt inne på eit turt område jaga opp ei rype frå reiret, med en 8-9 egg. Vi gjekk raskt vidare så ikkje egga skulle bli kalde, fortel han. 

Snart på toppen. Foto: Anne V. Einum

– Vel ved varden kom surveret, men ikkje verre enn at vi fekk i oss medbore vått og tørt. Utsikten var hemma av skodde, så kanskje vi kjem att ein finversdag og går heilt på toppen. Da må vi få med oss Mary og Lars Gudmund igjen som kjentfolk, så dei kan fortelje meir om livet i Kvenndalen, avsluttar Kristian. 

Kristian på Kristianvarden. Foto: Anne V. Einum

Neste tysdag prøver Fjellgruppa seg kanskje på kløvstigen inne i Vindøldalen og går til Breiskarsetrene, om veret tillet dette?

Historieforteljaren Lars Gudmund på Skaråsen. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går, kan du sjå nedanfor:

Først publisert: 15. juni 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 14. juni 2022, 22:11