Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Telia kom ikkje på lufta som lova

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. juni 2022

Vi meldte i 14-tida i dag, basert på informasjon frå Telias kundesenter, at mobilnettet ville vere på lufta att klokka 20:00 i kveld. Dette viser seg no å ikkje vere riktig. Siste informasjon vi har fått no i kveld frå kommunikasjonsavdelinga i Telia, ved Ellen Scheen, er at mobilnettet vil vere nede til torsdag ettermiddag. 

Naudnettet fungerer, så det er mogleg å ringe 110, 112 og 113 på vanleg måte om det skulle oppstå ein naudsituasjon. 

Vi kjem att med meir konkret informasjon når vi har fått endeleg svar frå Telia si kommunikasjonsavdeling. 

Publisert: 13. juni 2022, 19:43