Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

2. juli er det klart for TodalsCupen 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. juni 2022

Årets utgåve av TodalsCupen i aldersbestemt fotball, blir arrangert under årets Todalsdagen på Bordholmen stadion 2. juli. Her blir det fotballcup for aldersgruppa 6 – 11 år. Det er i år 30. gongen Todalsdagen blir arrangert. I tillegg til fotballcup blir det «Ræta opp», «Mini Ræta», lotteri, sal av grillmat, open kiosk og litt til!

Alle fotballag i aldersgruppa 6 – 11 år i kommunane Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Rindal og Heim er inviterte til TodalsCupen 2022. Påmeldingsfristen for laga er søndag 19. juni, så full oversikt over kor mange lag som blir med i år, er ikkje klart enda. 

Dronebilete frå Todalsdagen 2021. Foto: Arkiv

Det er som vanleg premiering av alle spelarane under TodalsCupen, og her er glede og trivsel viktigare enn resultatet!

Skulle det vere lag, som ikkje har fått invitasjon, eller lurer på noko anna rundt TodalsCupen 2022, kan dei ta kontakt på «TodalsCupen 2022» for meir informasjon og påmelding. 


Publisert: 15. juni 2022, 09:00