Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongopning i Toåa ved midnatt

Stig Husby Tysdag 14. juni 2022

Tirsdag kveld frå kl 20:00 så inviterer Arve Evensen og Todalshytta både Todalinger og andre interesserte til opningskveld for årets laksefiske i Toåa.

Arve lover eit rikhaldig program, og vi tar sikte på å halde det i gong utover kvelden og fram til midnatt kl 00:00 onsdag 15. juni.

Vi har konsert med Linda og Frank «Spoon» Botten, og dei har allerede vore her på generalprøve. Det er berre å glede seg, seier Arve.

Vi arrangerer også ein uformell kastekonkurranse med flotte premiar frå Todalen Elveeigarlag og Todalshytta.

Arve Evensen på Todalshytta gler seg til å ønske velkommen til ein triveleg kveld på hytta, både for fiskarar og andre interesserte. Vi har programmet klart, fortel han ivrig. Foto: Stig Husby

Men du treng altså slett ikkje å vere ivrig fiskar for å møte opp i kveld, presiserer Arve. Vi har noko for einkvar smak, og ikkje minst god mat og drikke.

Inngang til konserten kostar kr. 150,-.

Det ser ut som vi kanskje kan forvente litt gråver og regn, altså perfekt fiskever heilt i starten av sesongen, smiler Arve.

 


Medlem i Todalen.no – 


 

Først publisert: 14. juni 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 13. juni 2022, 21:59