Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Korta ned ventetida med konsert

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2022

Tysdag kveld var det nok mange som venta på at klokka skulle passere midnatt, slik at laksefisket i Toåa kunne starte.  På Todalshytta var det Linda og Frank «Spoon» Botten som sørga for å korte ned ventetida med intimkonsert i peisestua for både laksefiskarar, gjestar og andre som hadde lyst til å høre. 

Linda og Frank Botten korta ned ventetida for fiskarane og leverte ein flott konsert i peisestua på Todalshytta. Foto Jon Olav Ørsal

Linda og Frank opptredde med variert visesong både eigne tekster og tekster av andre velkjente skriventar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.  Reint så triveleg konsert som var det opp i 3 omgangar.  Dei hausta stor applaus for visesongen og lova å koma attende ein fin sommarkveld for å opptre på friluftsscena. Det kan vi berre gle oss til!

Litt fiskeparat og litt rigging av snøre vart det og tid til – her er det Ola Talgø til venstre som får hjelp av Arve Evensen. Foto Jon Olav Ørsal

Men etter kvart som klokka nærma seg midnatt så vart det ei viss uro som prega laksefiskarane – nokre av di skulle være på plass i elva når klokka passerte midnatt, medan andre skulle tidleg opp for å være på plass til rett tid om morgonen. Sjølvsagt er det stor spenning rundt starten på laksefiske – slik er det kvart år.  Sesongen 2021 var egentleg heilt elendig på grunn av lita vassføring i Toåa, ettersom vårløysinga på det næraste var ferdig før fiske starta. Dermed vart det lite fisk og det har nok sådd stor usikkerheit.  For to år sia – sesongen 2020 – var det snø att i fjellet og bra vassføring.  Da opplevde vi ein god start på laksefisket. 

I år er det også ein god del snø att i fjellet og vassføringa er ideell, så det er lov å håpe på reprise frå 2020.  Vassføringa som er målt ved Storfossen er i kvelt på knappe 20 m3/sek så det er ideelle tilhøve i elva, men den er kanskje i det kaldeste laget.  I skrivande stuand kl 01.10 var det enno ikkje rapportert noko resultat!

Helge Ørsal frå Molde var på plass i Raudåhølen da klokka passerte midnatt – da vi snakka med Helge eit kvarter inn i den nye dagen, var det enno ikkje noko resultat, men kanskje…… Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. juni 2022, 00:10