Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommaravslutning med grilling

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. juni 2022

I går kveld hadde Todalen sanitetsforening invitert alle todalingane til sommaravslutning med gratis grillmat. Vêrgudane varta ikkje opp med det beste vêret for grilling, så maten måtte nytast innandørs.  Det vart leikevel ei triveleg sommaravslutning. Og det viktigaste av alt, dei som tok turen, var verkeleg godt nøgd med både serveringa og arrangementet. 

Dei frammøtte kosa seg med god mat og sosialt samvær. Foto: R A Moe

Det var rundt førti personar som hadde teke turen for å vere med på sommaravslutninga, noko sanitetsforeninga er godt nøgd med.  

Maten fekk toppkarakter! Foto: R A Moe

Dei frammøtte fekk servert hamburger med salat, potetsalat og pølser. Leiar i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, nyttar høvet til å takke «grillteamet», Kristine Saksen Ulvund og Carina Talgø, for framifrå kokkelering!

Etter maten var det tid for quiz. Foto: R A Moe

Etter maten var det ein morsom quiz, med tjue spøsmål, som to av medlemmane i Todalen sanitetsforening hadde laga. Dette var eit populært innslag. 

Praten gjekk lett rundt borda. Foto: R A Moe

Etter maten var det også utlodning med mange fine premiar. Det vart ei triveleg sommaravslutning i sanitetshuset, og sanitetskvinnene, kan bokføre nok eit vellykka arrangement! Det går rykter om at dei allereie i kveld skal til Surnadal sjukeheim for å servere kveldsmat, så det ser ikkje ut til at dei har teke sommarferie enda i alle fall!

Leiar i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, var godt nøgd med oppmøtet og arrangementet. Foto: R A Moe

 

 

 

 

Publisert: 15. juni 2022, 10:55