Med Jenny på 100-årscruice rundt Trollheimen
Det er jammen ikkje enkelt å komme på kva ein skal gje til gammalt folk som har alt. Bestemor Jenny Kvendset fyller nemleg 100 år i oktober, og barnebarnet Jenny som er berre halvparten så gamal ymta tidlegare i vår frampå om at kanskje ho kunne ønskje seg ein biltur. I så fall var det kanskje lurt å gjera det medan det var sommarføre. Jo da, Jenny senior responderte positivt på det, men ville tenke litt på turmålet, og det tykte Jenny junior (Stensby) var greitt. Etter litt fundering var ønskemålet klart, og dei to kunne starte planlegginga for turen som skulle gå Trollheimen rundt.