Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2021

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Turkameratar på vegkanten

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. juli 2021

På Dalavegen, mellom Vestrum og Talgø Gard trefte vi Karen Johanne og elghunden Ragg.  Dei var ute på sin daglege tur frå heimplassen Vestrum og oppover etter Dalavegen til Innerdalsmerket. Karen Johanne og Ragg trives godt i lag, og når Karen Johanne finn fram halsbandet, så er Ragg på pletten – meir enn klar for tur i lag med matmor Karen Johanne. 


Tirsdag: KSU 24/7 kommer på besøk til Todalen for å lage livesending

Jon Olav Ørsal Måndag 5. juli 2021

Tirsdag kommer lokalradioen KSU 24/7 på besøk til Todalen for å lage sending direkte fra Todalen.  I tilleg skal dei lage program og opptak som skal sendes på onsdag.  Nederst i artikkelen finner du frekvenser du kan lytte til på og link til internettradioen.  Det skal sendes fra Matkroken, Todalshytta og fra Kårvatn.   Bla videre og følg med på Sommerradioen fra Todalen!


No blir det vêrforandring

Jon Olav Ørsal Måndag 5. juli 2021

No lovar yr.no vërforandring – frå onsdag og nokre dagar framover vil det nok bli litt regn, og ei kaldare vêrtype.  Det er nok ingen dramatikk i det, for det er nok mange som ønskjer seg litt regn no.  Get gjeld nok både for dei som har gras eller andre vekstar som skal vekse, og […]


Fortsatt mange ledige dagar for elsykkelleige

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. juli 2021

Det er fortsatt mange ledige dagar for å kunne leige elsykkel i sommar, for å ta ein sykkeltur rundt i bygda vår. Syklane blir ut- og innlevert på Bordholmen stadion. For å bestille elsykkel, ring 986 11 707. 


Opning for innreise: No blir det full fart på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 4. juli 2021

No blir det opna for utanlandskae fiskarar – da blir det endeleg full drift, slik vi har planlagt, seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta.  Dei første tyskarane er alt på plass og over helga kjem det danskar.  Arve er glad for at fleire land har vore «grønne», sjølv om det enno må vaksinepass og koronatestar til for å unngå karantene. 


Stem på månadens bilete for juni

Mari B. Redalen Sundag 4. juli 2021

I dag skreiv vi 1.juli noko som betyr at vi skal stemma fram vinnaren for juni månad. Vi har plukka ut åtte kandidatar som alle er verdige tittelen månadens bilete juni. Stem på det bilete du liker best.


Besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim i sommar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. juli 2021

I går, fredag 2.juli kom Surnadal kommune med nye råd for besøk ved Surnadal sjukeheim i sommar. Surnadal kommune ønakjer at alle følgjer desse besøksråda når dei kjem til Surnadal sjukeheim på besøk. 


Håvard satsar – setter alle klutar til!

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juli 2021

Det var i 2015 han starta med trening saman med ein kamerat – han fann fort ut at han trivdes med å trene og halde seg i form.  I starten vart det både løping og sykling, men han fann ut at han måtte gjera eit val, og spesialisere seg.  Den gongen trivdes han best i sykkelmiljøet, og dermed var valet gjort.  – Eg både fekk løst, og vart oppfordra – og når ein held på med noko som er artig, så har det lett for å dra på seg. 


Velstelt kyrkjegard

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. juli 2021

I dag var Ragnar Halle og Eivind Grønmyr i full gang med å slå graset på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, er glad for at dei to karane, på frivillig basis, har teke på seg å slå graset på kyrkjegarden. Det gjer at vi, til ei kvar tid, har ein velstelt og presentabel kyrkjegard, seier Kristian. 


Stavgangarane til Nauståfossen

Sverre Kjølstad Fredag 2. juli 2021

I går var stavgangarane på tur til Nauståfossen. Sverre Kjølstad har sendt oss ein liten rapport frå gårsdagens tur: 38 stavgangere fikk en fin tur til Nauståfossen i dag, med sol fra en skyfri himmel. På tur innover gjekk alle samme vei over myra, men på retur var det valgfritt om en gjekk stien lengre opp, eller samme vei tilbake. Det virket som om gruppen delte seg i to med ganske likt antall hver vei.


The Invalidos live – oppmøte over all forventning…

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. juli 2021

Dette vart over all forventning, sa Jon «Jobus» Husby, etter at livekonserten på Bordholmen var ferdig i ettermiddag.  Han meinte sjølvsagt talet på publikum, som vart eit 60-tal med smått og stort.  Det vart nok mest stort, for The Invalidos har spesialisert seg på gammeldans som sjanger. – Men musikken var nok meir enn forventa – rett og slett bra. Det trur vi at publikum tykte også, til tross for at Jostu poengterte at kappelmeister Johs Holten var fråverande denne dagen.  


Talgø MøreTre satser tungt – investerer rundt 100 mill. i år

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. juli 2021

Talgø MøreTre sitt anlegg på Syltøran har ei lang historie, men mykje av utviklinga har skote fart etter at Talgø tok over anlegget i 1997. I dag har anlegget ein arbeidsstokk på rundt 120, og det er investert store summar på den 180 mål store tomta på Syltøran, der Talgø MøreTre brukar rundt 130 mål og butikkane dei resterande 50 mål.