Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opning for innreise: No blir det full fart på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 4. juli 2021

No blir det opna for utanlandskae fiskarar – da blir det endeleg full drift, slik vi har planlagt, seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta.  Dei første tyskarane er alt på plass og over helga kjem det danskar.  Arve er glad for at fleire land har vore «grønne», sjølv om det enno må vaksinepass og koronatestar til for å unngå karantene. 

Todalshytta ligg idyllisk til, med utsikt utover Todalen. Når det er finvêr blir mykje av maten servert utandørs eller i svalgangen. Foto: Jon Olav Ørsal

Arve fortel at det har vore ein eventyrleg start på sesongen på Todalshytta, tiltross for at koronasituasjonen har lagt store begrnsningar i starten.  Restaurantdrifta har kompansert for forsinka innreise av utanlandskae fiskarar, så det har vore skikkeleg trøkk på Kammerpike Edits Spiseri som restauranten kalles.  No når det er opna for innreise frå utlandet vil Todalshytta bli døgnopen for gjestar og traktering av gjestane.  Medan restauranten Kammerpike Edits Spiseri blir open for bordbestilling frå onsdag til søndag i tidsrommet 13.00 til 1930.  Vi får no drive slik vi hadde tenkt – med hovudvekt på laksefiskaren, seier Arve.

Sidan starten på laksefisket 15. juni, har det vore lita vassføring. Komande veke blir det nok forandring da det er meldt regn. Foto: Jon Olav Ørsal

Lita vassføring i Toåa og dårleg innsig av laks frå havet har hemma laksefiskes i alle Nordmørselvane – inklusive Toåa.  Dette til tross for at regelverket for laksefiske til havs er innstramma.  Både lokale faktorar og ulike forhold i havet er nemleg med på å styre laksen frå havet og opp i elvane.  Men vi ser da laks i elva kvar dag, så sjølv om det er lita vassføring, så det er da muleg å få laks på kroken dersom du prøvar.  Men vi har da også mykje anna å by på enn berre laksefiske og vi har da mange gjestar som sett stor pris på det som Todalen har å by på – og så har vi da fått mykje skryt for maten vår i restauranten.  

Home Pool – reservert for Todalshyttas gjestar. Foto Jon Olav Ørsal

Home Pool – her er laksefisket reservert for Todalshyttas gjestar som kan ta ein tur i elva sjølv om dei har teke eit glas vin til maten og la bilden stå. Foto: Jon Olav Ørsal

Men sjølv om det er lita vassføring no i starten, så trur aArve at det er ei lysning i sikte, for alt i komande veke er det regn i sikte og dermed stigande vassføring i både Toåa og side elvane.  Vi ser imidlertid at lokale tilpasningar for laksefisket fungerer godt, og har fått mange positive tilbakemeldingar  om at det blir oppfatta som meir kvalitetsfiske enn den ordninga som var før.  Elles er det også god respons på hyttas eigen «Home-pool», der gjestane kan ta ein tur i elva, sjølv om dei har teke eit glas vin til middagen.  Alt i alt har eg tru på at dette blir ein bra sesong, for enno har vi berre så vidt starta, sluttar ein optimistisk Arve Evensen til Todalen.no 

Publisert: 4. juli 2021, 11:26