Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velstelt kyrkjegard

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. juli 2021

I dag var Ragnar Halle og Eivind Grønmyr i full gang med å slå graset på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, er glad for at dei to karane, på frivillig basis, har teke på seg å slå graset på kyrkjegarden. Det gjer at vi, til ei kvar tid, har ein velstelt og presentabel kyrkjegard, seier Kristian. 

Ragnar Halle styrer plentraktoren med stø hand! Foto: Kristian H. Gjeldnes

I tillegg til dei to grasklipparane, er det mange som stiller opp og hjelper til når det er førefallande arbeid som må gjerast på kyrkjegarden. Den frivillige innsatsen som blir lagt ned på kyrkjegarden, er heilt avgjerande, for at vi har ein så fin og velstelt kyrkjegard i Todalen, avsluttar Kristian.  

Ragnar Halle og Eivind Grønmyr i gang med grasklippinga på kyrkjegarden. Foto: Kristian H. Gjeldnes

Publisert: 2. juli 2021, 17:39