Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarakademi på Stangvik Prestegard – Kulturspinneriet

Jon Olav Ørsal Måndag 19. juli 2021

Måndag 26 juli startar Stangvikfestivalen og Operaen i Kristiansund sitt sommarakademi for unge sangarar. I ei veke ska unge sangtalent fra midt-Noreg bo og arbeide på Stangvik Prestegard-Kulturspinneriet. Instruktører i verdsklasse skal skolere neste generasjon operasongarar. Fredag skal det haldast konsert i Bondehuset, Stangvika, og lørdag går turen til Knudtzonlunden på Frei i Kristiansund.

Stangvikfestivalen har fått støtte fra Norsk Kulturråd til å ha ein eigen konsertserie det året det ikke er festival (den arrangerast kvart anna år), og dette er ein av konsertane. Stangvik grendalag er også med å arrangere, og saman blir det 4-5 konsertar fram mot jul.

Den siste tida har det vore stor aktivitet i Stangvik, mykje grunna at samstundes som korona no slepper taket, har arrangementet  fått tilgong til to større hus med moglegheit for overnatting.  Stangvik Prestegard og Rønnan, som kan huse opp til 50 personar, saman med Bondehuset. 

Så no ser vi fram til mykje flott aktivitet framover, og vi kan også nevne Stangvik matfestival, som går av stabelen 31. juli, Tromme-seminar i august og «Gullrushet og Gullkongen», utdrag av «Stjernestøv»-musikalen som Jazzåteateret satte opp i fjord. – Alt dette, og mykje meir skal skje i Stangvika framover fortel Jo Inge Nes og Sigrid V. Bøe i ei pressemelding til Todalen.no

 

Publisert: 19. juli 2021, 17:54