Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkjeklokkene ringer torsdag 22.juli

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. juli 2021

I morgon er det ti år sidan angrepet på Regjeringskvartalet og på Utøya, der til saman 77 menneske vart drepne. I samband med tiårsmarkeringa av denne dystre hendinga 22.juli 2011, vil alle kyrkjeklokkene, over heile landet, ringe i fem minutt, frå klokka 12:00 – 12:05 torsdag 22.juli. 

«Som ein del av lokalsamfunnet, er kyrkja med på å bære sorga og dei vonde minna, men og håpet», heiter det i ei melding frå Den norske kyrkja.

 

Publisert: 21. juli 2021, 16:35