Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med Jenny på 100-årscruice rundt Trollheimen

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. juli 2021

Det er jammen ikkje enkelt å komme på kva ein skal gje til gammalt folk som har alt.  Bestemor Jenny Kvendset fyller nemleg 100 år i oktober, og barnebarnet Jenny som er berre halvparten så gamal ymta tidlegare i vår frampå om at kanskje ho kunne ønskje seg ein biltur.  I så fall var det kanskje lurt å gjera det medan det var sommarføre. Jo da, Jenny senior responderte positivt på det, men ville tenke litt på turmålet, og det tykte Jenny junior (Stensby) var greitt.  Etter litt fundering var ønskemålet klart, og dei to kunne starte planlegginga for turen som skulle gå Trollheimen rundt.

Sist tysdag var alt klappa og klart, og dei var på plass i god tid til 11-ferga frå Kvanne. Turen gjekk raskt via Sunndalsøra og gjennom Sunndalen, opp Gråora og i retning Oppdal.  Jenny jr. visste at bestemora hadde vore mykje på tur til Tovatna og Storlidalen saman med Olina Halle –  og at dei ofte var innom venninna Magda i Bortistua. Ho kom nemleg frå Todalen.  Difor gjekk turen til Storlidalen, som ei lita overrasking. Magda gjekk bort på 90-talet, men i Bortistua trefte dei dotera Inger Marie, som Jenny sr. også kjente, og da vart det sjølvsagt kaffelag med dei to i hovudrolla.

Turen vidare gjekk attende til Lønset og vidare til Festa der eit reklameskilt marknadsførte restauranten med middag på menyen.  Når dei rigga seg til med rullator, og kom til inngangsdøra stod det at det var ope frå onsdag til søndag – og i dag var det altså tysdag! Men på Oppdal vart det alltids råd med middag, og påfyll med ny energi før 2 bla Jenny kunne starte på heimturen.  Den gjekk via Nerskogen og Vålåskaret attende til Todalen – etter 8 timars rundtur.

På Bortistu traff Jenny på Inger Marie som er dotra til Magda, og dei hadde mykje å prate om – både gamalt og nytt. !00-årsgåve vart det og – eit glas med Magdas sviskelykke – ein spesialitet frå Bortistu. Foto: JS

Jenny jr. sørga for å ta bilde på turen og når dei to sitt og ser gjennom den «albumen» på telefonen, så skryter Jenny sr. over seg, kor triveleg dei hadde det på turen, og kor mykje dei to hadde opplevd på denne turen på kjente trakter.

Men 100-årsjubileumet er på lang nær ferdig med Oppdalsturen.  Som vi skrev i innleiinga er den eigentlege jubileumsdagen i oktober – nærare bestemt den 15. oktober. Det store bursdagslaget er imidlertid planlagt til dagen etter – den 16. oktober.  Da vil familien ha ope hus i Ungdomshuset for at alle etterkommarane, venner og kjente – eit skikkeleg jubileum som jubilanten sjølv har vore med på planlegginga av.

Jenny lagar seg middag kvar dag, men denne dagen vart det restaurantmat på Oppdal til ei forandring. Foto: JS

Kom til Todalen i 1939
Jenny var 19 år da ho kom til Todalen frå Tustna.  Ho minnes godt den dagen –  den 2. mai i 1939, var det. – Dei var to som kom til Todalen med dampen den dagen.  Jenny hadde fått jobb på Talgø Gard, hos Olaf og Inger Talgø.  Der vart ho i 2 ½ år før turen gjekk attende til Tustna.

Men Jenny hadde nok dragning til Todalen, og det bar dit igjen. Da gjekk det ikkje så lenge før ho og Ingebrigt bestemte seg for å dele resten av livet.  17. oktober 1942 vart det giftarmål, og dei flytta inn på Åkerlia, der dei budde til dei flytta inn på Sandstad i 1949.  – Det var den 11. mai legg ho rask til – for «husken» er det ingen ting i vegen med sjølv om føtene ikkje er slik som dei ein gong var.

Pensjonat og kafeteria
På Sandstad vart det ei travel tid for Jenny, for det nye huset var bygd for å huse både pensjonat og kafeteria, i tillegg til at det skulle være bustad for heile familien, som etter kvart vart på 6 familiemedlemar.  Jenny hugsar så godt at dei første gjestane var to familiar frå Kristiansund – Berg og Sæter heitte dem.  Prisen på overnatting var 5 til 10 kroner – alt etter størrelsen på rommet.

Må ha middag kvar dag
No er Jenny godt etablert i ei leilighet i Sanitetshuset.  Her har ho budd sia 16. januar 2010, fortel Jenny.  – Her trives eg så godt, og så er det så lettvint og praktisk.  På spørsmål om ho får middagen frå kjøkenet på sjukeheimen får vi eit klart svar – Nei, middagen lagar eg sjølv – og eg må ha middag kvar dag, legg ho til.  Og dagens meny har eg klar:  Stekt sei m/potet og gulrot, og jordbær til dessert.

Det er da slett ikkje verst å bli 100 år!

Utsikt utover Skarvatnet på turen frå Vognill over Nerskogen. – Jau da, Jenny kjente seg att! Foto: JS

Avslapping i tunet på Bortistu denne fine sommardagen – Bortistu ligg på rundt 630 m.o.h. Foto: JS

Publisert: 28. juli 2021, 17:48