Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tropenatt med eit naudskrik…

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. juli 2021

Måndag var nok ein av dei varmaste dagane så langt i sommar.  Det låg faktisk godt an for å bli tropenatt både før og etter midnatt på fleire av dei internettbaserte temperaturmålarane rundt omkring i bygda – frå Kvennset til Kårvatn.  

Men vedkontroll av historikken tysdag morgon er det berre ein som har målt temperatur for tropenatt – det er ein temperaturmålar i Halagrenda. Den låg over 20 heile natta og registrerte lågaste temperatur med nøyaktig 20,0 grader kl 01.15.  Denne målinga er sjølvsagt høgst uoffisiell og ikkje meir enn ei privat måling på hobbybasis.  

Tysdag blir det nok ein ny varm dag – temperaturen kl 8 her i redaksjonen var 23,5, og yr.no spår 26 grader i løpet av ettermiddagen ein gong. 

Publisert: 27. juli 2021, 07:45