Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Multifunkjonsbygg som feriesyssel

Jon Olav Ørsal Fredag 23. juli 2021

På vegkanten på Hauamyrå er Anton Brusethaug i gang med byggeverksemd.  Vi tek ein stopp for å sjå på nybygget, som ikkje akkurat er noko storprosjekt.  Men det tek iallfall form som eit nytt hus. Dette er litt feriesyssel for Anton, og han fortel at det gamle huset som stod der hadde råtna opp etter lang og tru teneste på vegkanten. 

Anton fortel at det skal huse søppeldunkane i tillegg til at postkassane vil få husrom der – begge deler blir no under tak.  Til hausten blir det nemleg 2 nye søppeldunkar, og Anton bekreftar at han har teke høgde for det.  No blir det plass til 4 dunkar, pluss til plastsekken.  I tillegg skal det bli plass for at ein skal kunne vente på skulebussen under tak – vêret kan nemleg være litt stritt oppå Hauamyrå.  

Publisert: 23. juli 2021, 11:21