Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Uvanleg fangst i Toåa for Rune Holtberget

Jon Olav Ørsal Sundag 25. juli 2021

Rune Holtberget fikk ei litt artig oppleving i Romåhølen søndag.  Han såg at at var noko som rørte seg i vatnet like ved land – like i nærleiken av gapahuken ved Romåhølet. Rune oppdaga at det var ein laks som truleg var skadd, og kledde av seg og vassa uti for å prøve å få på land laksen.

det var tydelege merker etter ørnas klør i den 5 kg tungde laksen – det hadde nok vore ein kamp på liv og død i elva no i kveldinga. Foto: Jon Olav Ørsal

Laksen var såpass skadd at han lykkes med å få den på land, og såg da at det var 3-4 skikkelege klomerker i laksen.  Her er det nok ørna som har vore for å få ein fin fangst, men laksen som var på ca 5 kg var no for stor for ørna som ikkje klarte å lette med denne fangsten – dermed var det nok ein kamp på død og liv som eigentleg begge tapte, seier Rune, som også legg til at han gjerne kaunne tenkt seg å sett denne kampen.  

Dype sår i fiskekroppen etter ørnas klør. Laksen blødde kraftig og hadde nok ikkje nokon sjanse til å overleve dette angrepet. Foto: Jon Olav Ørsal

Men laksen var nok dødsdømt, for det var 3-4 djupe merker etter ørnas klør, og laksen blødde kraftig etter kampen og døde faktisk i armane til Rune Holtberget.  Rune hadde aldri sett makan, sjølv om han nok er som veteran å rekne i Toåa. 

Publisert: 25. juli 2021, 21:16