Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2021

Vi fann 104 artiklar i dette arkivet.


Fjellgruppa tok turen opp Austre Nordmarksvegen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. mai 2021

Opprinneleg skulle fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ha vore på tur til Strengen i dag. Men på grunn av at det framleis er snø i delar traseen opp til Strengen, måtte fjellgruppa finne eit nytt turmål. Valet fall på Austre Nordmarksvegen. Det var totalt seksten turdeltakarar på dagens tur.  


Friluftsrådet lanserer Stikk UT! SAMMEN

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. mai 2021

I ei pressemelding frå Friluftsrådet Nordmøre og Romadal no i ettermiddag får vi informasjon om eit heilt nytt tilbod i Stikk UT! Familien, nemleg Stikk UT! SAMMEN. Bakgrunnen for konseptet er at Frilutsrådet ønskjer at fleire «seniorar» skal kome ut på tur, og håper difor at «Stikk UT! SAMMEN» prosjektet skal bidra til nettopp dette. 


Nytt tilbod om hurtigtesting for covid-19 ved Midtnorsk HMS-senter

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. mai 2021

Dersom du har mistanke om at du kan vere smitta av covid-19, men ikkje har direkte symptom, og difor ønskjer å teste deg, så kan du no gjere dette hos Midtnorsk HMS-senter i Surnadal. Frå og med denne veka tilbyr nemleg Midtnorsk HMS-senter hurtigtesting av covid-19. Dette er eit godt supplement til testtilbodet Surnadal kommune sjølv kan tilby.


17.maigudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. mai 2021

17.mai var det, tradisjon tru, 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske var hyra inn som prest, medan Ronny Kjøsen trakterte orgel og trekkspel. Rundt tretti personar hadde møtt fram, så det var ikkje noko problem å handheve smittevernreglane. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, ønskte kyrkjelyden velkomne til 17.maigudsteneste.  


Rekordarta biltog rundt bygda.

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mai 2021

Sjølv om feiringa av nasjonaldagen var prega av koronatiltak, så la det så absolutt ikkje nokon dempar på feiringa. Som seg hør og bør var dagen prega av mange bunadskledde og oppstasa deltakarar og så vart det ei skikkeleg rekorddeltaking i biltoget – heile 88 biler passerte Trudvangkrysset kan Torill Talgø bekrefte.


KNT – startar eiga fjellsportgruppe

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. mai 2021

I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) no i ettermiddag, får vi vite at KNT startar eiga fjellsportgruppe. – Bratte forsvarlige turer får sin egen gruppe gjennom KNT Fjellsport. Fokuset ligger på klatring, brevandring, randonee og andre fjellaktiviteter som krever spesiell kompetanse, heiter det mellom anna i pressemeldinga frå KNT. 


Påskefjellet vant månadens bilete for april

Mari B. Redalen Sundag 16. mai 2021

Det var Ingri Bruset sitt bidrag Påskefjellet som fikk flest stemmer av bileta for april månad, og dermed vant seg ein ny kaffekopp med Todalen.no logo på. Tusen takk til dykk alle som sender inn bidrag til dagens bilete.


Hett & Svett stengt på Nasjonaldagen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. mai 2021

Todalen Idrettslag melder at Hett & Svett vil vere stengt på Nasjonaldagen. Så denne veka blir det ope på Hett & Svett onsdag 19. og fredag 21.mai. Neste veke held Hett & Svett ope  som vanleg, altså måndag 24, onsdag 26 og fredag 28.mai.  


Program 17.mai i Todalen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. mai 2021

Da er 17.mai programmet for Todalen 2021 klappa og klart. På grunn av gjeldande smittevernreglar blir feiringa i år òg tilpassa dette. Tradisjon tru blir det biltog og gudsteneste. Feiringa tek til med flaggheising og song på Matkroken klokka 11:00. Umiddelbart etter flaggheisinga startar biltoget. 17.mai-komiteen oppfordrer alle til å møte i god tid før flaggheisinga. 17.mai-komiteen vil vere tilstades og dirigere trafikken og organisere biltoget.  


OBOS-ligaen igang – debutant med røter i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. mai 2021

Laurdag ettermiddag vart OBOS-ligaen sparka igang att, etter ein «lang» vinterpause. Først ute var kampen mellom Ålesund og Bryne, som vart spela på Color Line stadion i Ålesund. Her fekk 16-åringen Nikolai Søyset Hopland sin debut på dette nivået. Nikolai er sonen til Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, og bestemor er Marit Sanden Søyset. Bestefar, Alf Søyset, var i si tid ein habil og ivrig fotballspelar og seinare lagleiar og hjelpemann på Todalen sitt fotballag i mange år. 


«Virvelvind» til Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. mai 2021

Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med framsyninga «Virvelvind» søndag 30.mai klokka 19:00. «Virvelvind» er eit teaterstykke der Teatret Vårt har laga teater basert på 17 av songane til Ane Brun, som ho sjølv har omsett til dialekt. Dei lovar ei framsyning som inneheld både lifleg bris og heftige vindkast!  


Full alarm i Storlidalen – rapporterer stor rasfare

Jon Olav Ørsal Fredag 14. mai 2021

Det har gått eit stort snøskred i Storlidalen, og det er massiv uttrykning til rasstaden med både SAR Queen, Luftambulansen og lokale redningetatar.  På radioen vart det etterkvart meldt av tre spor som går inn i raset er gjort rede for, men det er uvisst om det er fleire.