Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt tilbod om hurtigtesting for covid-19 ved Midtnorsk HMS-senter

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. mai 2021
Dersom du har mistanke om at du kan vere smitta av covid-19, men ikkje har direkte symptom, og difor ønskjer å teste deg, så kan du no gjere dette hos Midtnorsk HMS-senter i Surnadal. Frå og med denne veka tilbyr nemleg Midtnorsk HMS-senter hurtigtesting av covid-19. Dette er eit godt supplement til testtilbodet Surnadal kommune sjølv kan tilby.

Hurtigtesten blir gjenomført ved spyttprøve og ein får svar etter ca 15 minutt. Hurtigtesten kostar kr. 300. Tilbodet gjeld ikkje dersom ein har symptom på covid-19 eller er i innreisekarantene. I følge Midtnorsk HMS-senter gir prøven 98% sikkert svar.Du kan lese meir om hurtigtestinga her: MNHMS – Hurtigtest

Kontaktinformasjon:

Telefon: 71 66 03 26,
E-post: post@mhms.no

Publisert: 18. mai 2021, 15:05