Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Program 17.mai i Todalen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. mai 2021

Da er 17.mai programmet for Todalen 2021 klappa og klart. På grunn av gjeldande smittevernreglar blir feiringa i år òg tilpassa dette. Tradisjon tru blir det biltog og gudsteneste. Feiringa tek til med flaggheising og song på Matkroken klokka 11:00. Umiddelbart etter flaggheisinga startar biltoget. 17.mai-komiteen oppfordrer alle til å møte i god tid før flaggheisinga. 17.mai-komiteen vil vere tilstades og dirigere trafikken og organisere biltoget.  

I år vil ein traktor med ein pynta hengar gå først i toget, men på grunn av smittevernreglane blir det ikkje høve til å sitte på i hengaren i år. Biltoget følgjer den vanlege ruta oppover på nordsida til Gammelfabrikken, og derifrå ned att på sørsida og til Matkroken att.  

17.mai-komiteen understrekar at det i år blir viktig at alle held seg inne i bilane sine før og under biltoget. 17.mai-komiteen ønskjer alle velkomne til å delta i biltoget, og dei håper på å sjå både artige og stilige farkostar i årets biltog. 

Til slutt oppfordrar 17.mai-komiteen alle til å pynte langs vegen for å markere nasjonaldagen vår. Dei offordrar òg, dei som ikkje har høve til å vere med i biltoget, til å delta ved å vinke til biltoget når dette køyrer forbi. 

17.maigudsteneste klokka 14:00

Klokka 14:00 blir det 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje. Her vil Torbjørn Brøske vere prest og Ronny Kjøsen organist. Torbjørn har òg med seg årets konfirmantar, for å lese frå dagens tekst. Takkoffer til Todalen Sanitetsforening, via vipps 506908 Todalen sokneråd. 

Det vil bli lagt på krans på bautaen ved kyrkjegarden på morgonen den 17.mai. 

Torbjørn Brøske er prest 17.mai. Her avbilda i sjømannskyrkje i Arguineguin på Grand Canaria. Foto: Jon Olav Ørsal

Her er informasjonen frå 17.mai-komiteen om biltoget 2021: «Biltog»

Publisert: 16. mai 2021, 07:31