Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

OBOS-ligaen igang – debutant med røter i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. mai 2021

Laurdag ettermiddag vart OBOS-ligaen sparka igang att, etter ein «lang» vinterpause. Først ute var kampen mellom Ålesund og Bryne, som vart spela på Color Line stadion i Ålesund. Her fekk 16-åringen Nikolai Søyset Hopland sin debut på dette nivået. Nikolai er sonen til Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, og bestemor er Marit Sanden Søyset. Bestefar, Alf Søyset, var i si tid ein habil og ivrig fotballspelar og seinare lagleiar og hjelpemann på Todalen sitt fotballag i mange år. 

Ålesund med «peptalk» før avspark. Foto: Eurosport.

Nikolai sleit ut sine første fotballsko i Guard, før han dei siste sesongane har spela for Ålesund sine aldersbestemte fotballag. Nikolai er eigentleg juniorspelar, men imponerte trenarteamet i Ålesund såpass, at han i vinter fekk proffkontrakt med klubben. 

I dagens kamp, som Ålesund til slutt vann 2-1, fekk altså Nikolai sin første kamp i OBOS-ligaen. Nikolai har fått drakt nummer 38 og spelar midtstoppar. Nikolai spela 80 minutt av kampen, og Nikolai spela ein god kamp, har vi fått rapportar om. 

Her hindrar Nikolai ein stor Bryne-sjanse. Foto: Eurosport.

I tillegg til Nikolai på Ålesund, så spelar Fabian Ø. Ness, òg med røter i Todalen, for Grorud i OBOS-ligaen. Fabian er sonen til Leif Arne Ness frå Bjørnrud i Husbygrenda. Så her kan det bli ein aldri så liten «todalsduell» når dei to laga møter kvarandre i serien. Dette skjer 12.juli, i Oslo, og 15.september, i Ålesund. Båe kampane blir sendt direkte på TV (Eurosport+). 

 

Publisert: 15. mai 2021, 20:33