Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen opp Austre Nordmarksvegen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. mai 2021

Opprinneleg skulle fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ha vore på tur til Strengen i dag. Men på grunn av at det framleis er snø i delar traseen opp til Strengen, måtte fjellgruppa finne eit nytt turmål. Valet fall på Austre Nordmarksvegen. Det var totalt seksten turdeltakarar på dagens tur.  

Utsikt mot Rindal og Trøndelag. Foto: Anne V. Einum

Veret var «tenleg», som det heiter, og det var godt, for det er mange motbakkar opp lia. Farten var ikkje større enn at santalane flaut godt. Mange problem vart løyst og  mykje informasjon delt.

Ein lun rasteplass gjorde matpausen triveleg og akkurat passe lang, før det vart gjort vendereis og gått nedatt. Fjellgruppa fekk «syn for segn», at det er store snømengder i fjella. 

Utsikt mot Kvammen og Folldalen. Foto: Anne V. Einum

Fjellgruppa takkar Ingolf Dønnem for løyve til å nytte parkeringsplassen!

Tysdag 25.mai går fjellgruppa sin tur til Åsbøsnyta.

Takk til Kristian Ranes for informasjon og Anne V. Einum for bilete. 

Her kan du sjå nokre bilete til frå dagens tur: 

 

Publisert: 18. mai 2021, 20:00