Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

17.maigudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. mai 2021

17.mai var det, tradisjon tru, 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske var hyra inn som prest, medan Ronny Kjøsen trakterte orgel og trekkspel. Rundt tretti personar hadde møtt fram, så det var ikkje noko problem å handheve smittevernreglane. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, ønskte kyrkjelyden velkomne til 17.maigudsteneste.  

Kyrkjelyden. Foto: B G Ansnes

Torbjørn hadde fått med seg årets konfirmantar og Gudmund Husby til å lese under dagens gudsteneste. Dette gav ei fin og verdig ramme rundt den kyrkjelege delen av nasjonaldagsfeiringa. 

Dagens tekst var henta frå evangeliet etter Matteus kapittel 22, versa 17-22.

Torbjørn etterlyste i preika si eit mykje sterkare og tydelegare samfunnsengasjement frå kyrkja si side i viktige samfunnsspørsmål. Sidan slutten av 90-talet har kyrkje vore nærast usynleg og tause i samfunnsdebatten, meinte han. Der kyrkja tidlegare var ein synleg og viktig debatant og i samfunnsdebatten, har kyrkja dei siste tiåra vore særs tause og fråverande i slike saker, avslutta han. 

Kyrkjelyden. Foto: B G Ansnes

Dagens takkoffer gjekk til Todalen Senitetsforening sitt mangfaldige arbeid i Todalen. 

På morgonen, før biltoget, la John Moe frå Todalen Historielag, på vegne av Surnadal kommune, ned krans ved Krigsminnebautaen ved kyrkjegarden. 

John Moe frå Todalen Historielag la, på vegne av Surnadal kommune, ned krans på Krigsminnebautaen ved kyrkjegarden. Foto: B G Ansnes

Publisert: 17. mai 2021, 15:48