Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2021

Vi fann 104 artiklar i dette arkivet.


Start 4H testa fiskelykka

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. mai 2021

I kveld var Start 4H ute og testa fiskelykka i Todalsfjorden. Gudmund K. Kvendset, Finn Ranes, Kjetil Sogge, Laila K. Bergli og Shan Allan Halle stilte med båtar, slik at det vart plass til alle 4H-arane. Todalt var det rundt 20 personar i dei fem båtane som drog ut for å freiste fiskelykka. 


Bli med på kulturvandring i Brusetgrenda

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. mai 2021

Det er Todalen historielag som laurdag 29. mai frå kl 12 og utover inviterer til kulturvandring i Brusetgrenda, frå Bruset og oppover til hengebrua.  Kulturvandringa starta på Bruset kl 12, og så går turen innover grenda, med kjente guidar – Ola Bruset, Kristen Bruset og leiar i historielaget John Moe som blir med på turen. På returen går turen nedom Nernesset, der det før i tida var busetting.


Utbetringsarbeid – reparerer utsliten asfalt

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. mai 2021

I dag er mesta i gang med tillyst utbetringsarbeid på på asfalten på fylkesvegen på 3 plassar.  Arbeidet starta i dag tidleg og vil gå føre seg utover dagen på Todalsøra, ved Pilskaret og på begge sider av Brusetbrua. Til saman er det snakk om 2-300 meter som no får eit nytt lag med asfalt. 


Laksestarten er som å vente på julekvelden

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. mai 2021

Laksefisket nærmar seg med stormskritt – i Toåa startar fisket den 15. juni og varer til 15. august.  I Surna er dei i gang om ei veke – nærare bestemt tysdag 1. juni går startskotet der. Det er nok mange som stundar til at laksefisket skal starte, og «medan du ventar» har Todalshytta lansert ein flott promoteringvideo i samarbeid med utstyrleverandøren Zpey.  Opptaka vart gjort i Toåa i fjor sommar og resultatet – ein videosnutt på 3-4 minutt vart sleppt for eit par dagar sia.


Ny singel fra Terje Nordgarden – her kan du høre den

Jon Olav Ørsal Sundag 23. mai 2021

Terje Nordgarden er nå svanger med ein ny singel, IMAFY, som legges ut i disse dager.  Terje er godt kjent i Todalen, etter deltakelse på fleire låtskrivarseminar på Todalshytta og for konserter samme sted. Nordgarden jobber med et nytt plateprosjekt og sleipper nå singelen IMAFY, som er med i dette prosjektet. IMAFY er andre singel […]


Informasjon frå Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. mai 2021

Trimgruppa i Todalen Idrettslag lanserer, onsdag 26.mai klokka 18:00, sykkeltrim. Sykkeltrimmen er eit lågterskel-tilbod som passar for alle i alle aldrar og uanhengig av utstyr. Trimgruppa tek sikte på å ha sykkeltrim den siste onsdagen i kvar månad fram mot hausten/vinteren. 


Har du mista solbrillene dine i Svinvikrunden?

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. mai 2021

Nils Gjeldnes har funne eit par solbriller på ein av benkane i Svinvikrunden. Solbrillene vart funne på ein av benkane når du har kome opp bakkane frå Svinvika, og vegen flatar ut. Solbrillene har svart innfatning med blåe glas. 


Dro ut i den store verda – lurte oss trill rundt Oppdatert!

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. mai 2021

Gåseparet som har hekka på taket av våningshuset i Nilsstua på Husby stakk av i dag.  Vi observerte at det kom nye verdsborgarar tilsyne i går, og skjønte at «den store flyttedagen» nærma seg med stormskritt.  Vi observerte iallfall to ungar på taket i går, men mora ruga vidare så det vart nok fleire.  Men på morgonen i dag, pinseaften, lurte dei oss og stakk av medan vi sjølve var i dusjen.


Bondehuset i Stangvika 100 år

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. mai 2021

Det store og ærverdige forsamlingshuset i Stangvika, Bondehuset, vart bygd for 100 år sidan. Dette jubileet blir markert 2. pinsedag med variert program i Stangvika.


Asfaltarbeid i Todalen tysdag 25.mai

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. mai 2021

Mesta opplyser i ei pressemelding til redaksjonen, at det tysdag 25.mai, frå klokka 08:30, vil gjennomført asfaltering på fylkesvegen ved Pilskaret, ved Brusetbrua og på Todalsøra. Det vil vil i perioden asfaltarbeidet pågår bli redusert framkomelegheit, men med unntak av på Todalsøra vil det vere mogleg med omkøyring.  


SØK SOMMARJOBB-17 2021!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. mai 2021

Ungdommar som fyller 17 år i år og er registrert busett i Surnadal kan søkje på ordninga «Sommarjobb-17». Hovudmålet er å gje ungdommane innsikt i arbeidslivet, og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.


Søya/Todalen G9 – sesongens første heimekamp

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. mai 2021

Torsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9 lag sin første heimekamp på Søyabanen denne sesongen. Tidlegare har laget spela ein bortekamp mot Tingvoll. På den andre banehalvdelen hadde heimelaget fått besøk av Bøfjord/Bæverfjord, så dette var eit «klassisk» lokaloppgjer.