Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2021

Vi fann 104 artiklar i dette arkivet.


Program «Vårsøghelga» 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mai 2021

I helga er det «Vårsøghelg» med eit rikhaldig program, der «Kleivakvelden» laurdag klokka 18:00 er hovudarrangementet. Under blir og «Kleivaprisen 2021» delt ut. Programmet for «Vårsøghelga» finn du nedanfor. For å kjøpe billettar til dei ulike arrangementa trykker du på lenka: surnadal-kulturhus.no. Ein del av arrangementa er allereie utselt, så her er det ikkje mogleg å få kjøpt billettar. 


Kvass/Ulvungen G9 – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mai 2021

Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjorden for å spele seriekamp mot Kvass/Ulvungen på Ålvundfjord stadion. 


Triveleg folk, fint vêr og nydeleg natur i Haltbakkan.

Jon Olav Ørsal Fredag 28. mai 2021

Det er Wenche Kvendset som har sendt oss bilder frå tur til Haltbakkan som Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag arrangerte torsdag.  Ho skriv at det var ein tur med triveleg folk, fint vêr og nydeleg natur, og gjengen har kosa seg på turen som var avslutta med kaffepause i og ved gapahuken i sjøkanten.


Laurdag 5. juni: Asle Beck med konsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. mai 2021

Todalsvennen og visepopsongaren Asle Beck kjem til Todalen igjen laurdag 5. juni.  Asle vil da halde konsert for oss på bakken framfor Todalshytta.  – Asle Beck er godt kjent i Todalen og har delteke på låtskrivarseminar  her og har opptredd både på Todalshytta og på Raus 2015 på Gammelfabrikken.  No er han altså klar for ein todalstur  igjen, og han entrar scena på Todalshytta laurdag 5. juni – presis kl 17.



Todalsdagen 2021 – laurdag 26.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. mai 2021

Todalsdagen 2021 går av stabelen laurdag 26.juni på Bordholmen stadion. Programmet er ikkje heilt «spikra» enda, men at det blir ein dag med fleire nye aktivitetar er heilt sikkert. «Ræta opp!» har etter kvart vorte eit tradisjonelt arrangement under Todalsdagen, og i år er ikkje noko unntak i så måte, så her er det berre å legge seg i trening for å «spisse» forma!


Søya/Todalen J10 – Surnadal J10

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. mai 2021

Barne- og ungdomsfotballen har så vidt begynt å rulle rundt om, men på grunn av koronasituasjonen, er det så langt berre kampar mot lag frå same kommune som kan spelast. I går kveld var det difor duka for eit klassisk lokaloppgjer når Søya/Todalen J10 tok i mot Surnadal J10 til seriekamp på Søyabanen.  


Dugnadsarbeid på stien til Snytå

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mai 2021

Samarbeidsprosjektet om turstien opp til Snytå er god i gang med dugnadsarbeidet. Tysdag kveld var det 12 personar som deltok på dugnaden som Nordvik Grendalag og I.L. Søya arrangerte i lag.  Ingrid Røe inviterte heile gjengen til hytta deira, «Sveinebu», og der vart det traktering.


Stor stas med sykkeltrim i finvêret

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mai 2021

Første kvelden med sykkeltrim i sommar vart arrangert i kveld. Både store og småe todalingar møtte opp for å delta, og den første runden gikk rundt bygda – oppover Ørsalbukta til Bruset og nedover att på norsdsida og siste etappe etter Toåa tursti frå Bønnavollan til Halsabrua og vidare til Bordholmen. 


Fotpleie i juni

Dordi Jorunn Halle Onsdag 26. mai 2021

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 7. juni og tysdag 8. juni. Det er mange ledige timar båe dagane.


Gjensidige – gladmelding til lokale kundar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. mai 2021

På ettermiddagen i dag tikka det inn ei skikkeleg gladmelding til alle som er kundar i Gjensidige Heim, Surnadal og Tingvoll. I meldinga heiter det at kundane i Heim, Surnadal og Tingvoll får 15 millionar til fordeling. 


Fjellgruppa med tur til Mulneset

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. mai 2021

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag gjekk i går tur til Mulneset. Det var 25 deltakarar på turen. Deltakarane fekk ein fin tur etter ein tørr og fin sti med god utsikt utover fjorden. Stien frå Haltbakken og utover til Mulneset går gjennom eit frodig område med allsidig vegitasjon og skog med mange treslag. Turrapporten fortel at deltakarane storkosa seg i det fine vêret.