Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen 2021 – laurdag 26.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. mai 2021

Todalsdagen 2021 går av stabelen laurdag 26.juni på Bordholmen stadion. Programmet er ikkje heilt «spikra» enda, men at det blir ein dag med fleire nye aktivitetar er heilt sikkert. «Ræta opp!» har etter kvart vorte eit tradisjonelt arrangement under Todalsdagen, og i år er ikkje noko unntak i så måte, så her er det berre å legge seg i trening for å «spisse» forma!

På grunn av koronarestriksjonane blir det heller ikkje i år mogleg å gjennomføre fotballturnering, men leiar i arrangementkomiteen, Ola Dalsegg, lovar likevel fleire aktivitetar både for små og store. 

Grillimat høyrer med, og grillansvarleg, Lars Stensby, har menyen klar. Han lovar at ingen skal måtte gå svoltne heim frå Todalsdag i år heller. 

Jenny Stensby og Oda Halle frå Økonomigruppa planlegg Todalsdagslotteriet. Foto: B G Ansnes

I kiosken kan kioskansvarleg, Ingunn Mikkelsen, lokke med bakels og graut, sjokolade, snaks og is. 

Laurdag 5.juni tek førehandssalet av lodd til det store Todalsdagslotteriet til på Matkroken Todalen. Her kan Økonomigruppa lokke med fleire flotte premiar til dei heldige vinnarane. Det vil vere førehandssal laurdagane 5. og 19.juni, fredag 25.juni og på sjølve Todalsdagen 26.juni fram til trekninga. 

Det endelege programmet vil vi kome attende til når dagen nærmar seg, men det er altså berre å krysse av den 26.juni i kalenderen allereie! 

Publisert: 27. mai 2021, 09:00