Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotpleie i juni

Dordi Jorunn Halle Onsdag 26. mai 2021

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 7. juni og tysdag 8. juni. Det er mange ledige timar båe dagane.

Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391.

Marit og Pan ser pris på at dei som ønsker time til fotpleie, bestiller det så snart som råd. Det gjer arbeidet med timeoppsett og planlegging av dagane enklare.

Publisert: 26. mai 2021, 16:43