Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen J10 – Surnadal J10

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. mai 2021

Barne- og ungdomsfotballen har så vidt begynt å rulle rundt om, men på grunn av koronasituasjonen, er det så langt berre kampar mot lag frå same kommune som kan spelast. I går kveld var det difor duka for eit klassisk lokaloppgjer når Søya/Todalen J10 tok i mot Surnadal J10 til seriekamp på Søyabanen.  

Heimelaget storspela og scora mange mål. Dei produserte òg mange gode sjansar, som fort kunne ha endt med teljande resultat. Mellom anna var heimelaget fleire gonger åleine med keeper, men bortelagets keeper let seg ikkje overliste.    

Heimelaget spela ein kjempegod kamp. Foto: Ann Elin Stenberg

Trenaren var så godt nøgd med heimelaget sitt spel og innsats under kampen, at han spanderte is på spelarane etter kampen, for godt utført oppdrag. 

Heimelaget vann til slutt ein komfortabel seier i lokaloppgjeret i finvêret på Søyabanen. 

Det var òg rom for bakelspause i varmen, både for spelarar og publikum, ettersom «vaffelpressa» gjekk for fullt heile tida!

Etter ein kjempegod kamp bør det feirast med bakels og graut! Foto: Ann Elin Stenberg

Takk til Ann Elin Stenberg for informasjon og bilete. 

Publisert: 27. mai 2021, 05:00