Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjensidige – gladmelding til lokale kundar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. mai 2021

På ettermiddagen i dag tikka det inn ei skikkeleg gladmelding til alle som er kundar i Gjensidige Heim, Surnadal og Tingvoll. I meldinga heiter det at kundane i Heim, Surnadal og Tingvoll får 15 millionar til fordeling. 

– Våre kunder vil i gjennomsnitt få ca. kr. 2.500 hver i kundeutbytte, fortel dagleg leiar i Gjensidige Surnadal, Heim og Tingvoll, Jakob Nørbech. – I tillegg til de nevnte kommuner omfatter markedsområdet til selskapet også deler av kommunene Sunndal, Gjemnes, legg Nørbech til. 

Det er 12. året på rad at Gjensidige deler ut eit solid utbytte til sine eigarar. I Gjensidige går mesteparten av dette til Gjensidigestiftelsen, som sender utbyttet attende til kundane. 

– Det lokale Gjensidige-selskapet har nå nærmere 6000 kunder, privatpersoner og større og mindre bedrifter. Kundeutbytte vil derfor komme mange til gode, og være et positivt bidrag i en annerledes tid. Kundeutbytte tilsvarer 13 prosent av det kundene betalte i forsikringspremie i fjor, seier Nørbech.

Gjensidige Surnadal, Heim og Tingvoll er eit resultat av ein fusjon mellom selskapa Gjensidige Surnadal, Gjensidige Halsa/Tingvoll og Gjensidige Hemne i 2020. Selskapet har kontor i Surnadal, Tingvoll, på Halsanaustan og Kyrksæterøra. Selskapet har 11 tilsette. 

Gjensidigestiftelsen er den største eigaren i Gjensidige Forsikring ASA. Stiftelsen videreformidlar sitt aksjeutbytte frå Gjensidige til selskapet sine kundar. Gjensidigestiftelsen deler òg ut store beløp til samfunnsnyttige formål. Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om midlar derifrå. 

Dagleg leiar i Gjensidige Heim, Surnadal og Tingvoll, Jakob Nørbech. Foto: Gjensidige

 

Publisert: 26. mai 2021, 16:23