Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Program «Vårsøghelga» 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mai 2021

I helga er det «Vårsøghelg» med eit rikhaldig program, der «Kleivakvelden» laurdag klokka 18:00 er hovudarrangementet. Under blir og «Kleivaprisen 2021» delt ut. Programmet for «Vårsøghelga» finn du nedanfor. For å kjøpe billettar til dei ulike arrangementa trykker du på lenka: surnadal-kulturhus.no. Ein del av arrangementa er allereie utselt, så her er det ikkje mogleg å få kjøpt billettar. 

Fredag 28.mai

Klokka 10:00

Skulekonsert på Mo oppvekstsenter 

Med trioen «Taffelpikene».

Klokka. 10.00

Barnehagekonsert i Storstuå

Med bandet «Mandarinsaft».

klokka 12:30

Henningtimen, Surnadal kulturhus

For 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule.

Klokka. 21:00

Konsert på Surnadal billag

Polkabjørn og Kleine Heine, Oddbjørn Sponås, Frank Hannasvik og John Pål Inderberg

Laurdag 29.mai

Klokka. 10:00

Yoga og musikk 

Frivilligsentralen. I samarbeid med Atleta

Marit Løfaldli, Ronny Kjøsen og Morten Berger Stai.

Klokka 12:00

Drivadebatt 

Storstuå, Surnadal kulturhus

Korona: Svartedauden for idretten?

Debatt leia av Svein Sæter. Innleiing og oppsummering ved Tommy Fossum.

I panelet finn vi Ola By Rise, Berit Mogstad, Gerd Stolsmo og Webjørn Holten

Klokka 14:00

Konsert heime hos SpareBank1 Nordmøre (Tidligare Surnadal sparebank) 

I samarbeid med Paul Okkenhaug-selskapet.

Taffelpikene, Mari Lunnan, Øyvind Gimse, John Pål Inderberg, Holger Skei, Elevar frå Surnadal og Rindal kulturskule.

Klokka 18:00

Kleivakvelden 2021

Anita Skorgan, Sara Skorgan Teigen, Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Svein Sæter, Diktmønstring og Kleivapris.

Klokka 20:30

Nordmørskveld i horisonten.

Eit samarbeid mellom Vårsøghelga, Tingvollost, Casa Boquera og Thon hotell Surnadal. 3 retters middag med lokale råvarar. Kristin frå Tingvollost og Katherine frå Casa Boquera kjem og fortel om ost og vineventyra sine. Vårsøghelgmusikarar krydrer det heile med flott musikk.

Klokka 22:00

Vinylpub 

med Ole Magne Ansnes. Sandeman pub, Thon hotel Surnadal.

Søndag 30.mai

Klokka 12:00

Boksøg i Bondehuset i Stangvik 
v/Svein Sæter og Møre og Romsdal forfattarlag.

Svein bokbadar Gerd Stolsmo, Jenny Klinge og Tiger Garte.

Klokka 14:00

Avslutningskonsert i Stangvik kyrkje

Beate Mordal(sopran), Hedda Hansen Berg(flygel), Ola By Rise og Nils Arne Eggen.

Klokka 19:00

Ekstranummer med Teatret Vårt i Storstuå på kulturhuset

Vi er så heldige at Teatret Vårt kjem med den kritikerroste forestillinga «Virvelvind». Mennesker og historiar frå Ane Bruns musikk blir levande på teaterscenen. Billettar til «Virvelvind» kan ku kjøpe her: «Virvelvind»

Publisert: 28. mai 2021, 13:01