Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med tur til Mulneset

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. mai 2021

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag gjekk i går tur til Mulneset. Det var 25 deltakarar på turen. Deltakarane fekk ein fin tur etter ein tørr og fin sti med god utsikt utover fjorden. Stien frå Haltbakken og utover til Mulneset går gjennom eit frodig område med allsidig vegitasjon og skog med mange treslag. Turrapporten fortel at deltakarane storkosa seg i det fine vêret.   

Haltbakken. Foto: Anne V. Einum

– I dag gikk Fjellgruppa til Mulneset. Ingen topp akkurat, men utsikten til Kvenna og bilferja var formidabel. Stien var tørr og lett å ga, og frå Haltbakken gjekk vi den gamle vegen til Kvenna, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.

Kjentmann! Foto: Anne V. Einum

– Variert skog, nettkjerr og stor, vakker furu og meir dyster granskog. Det virka som dei 25 deltakarane hadde det triveleg, og samtalen gikk lett, avsluttar han.

Ferga. Vakkert syn frå Mulneset. Foto: Anne V. Einum

Takk til Kristian Ranes for tekst og Anne V. Einum for bilete!

Fine fjell å sjå frå Åsbøen. Foto: Anne V. Einum

Neste tysdag er plana å gå til Strengen. Meir informasjon om denne turen kjem seinare, når alle detaljar er klare. 

Under kan du sjå nokre bilete til frå turen til frjellgruppa i går:

Publisert: 26. mai 2021, 05:33