Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H testa fiskelykka

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. mai 2021

I kveld var Start 4H ute og testa fiskelykka i Todalsfjorden. Gudmund K. Kvendset, Finn Ranes, Kjetil Sogge, Laila K. Bergli og Shan Allan Halle stilte med båtar, slik at det vart plass til alle 4H-arane. Todalt var det rundt 20 personar i dei fem båtane som drog ut for å freiste fiskelykka. 

Gudmund K. Kvendset til rors. Foto: Jens S. Ansnes

Turen først utover til munninga av Rossåa, før kursen vart lagt utover mot Holmen og Rambjøra. 

Det vart rapportert om fangst om bord i alle båtane, så fiskelykka var ikkje så aller verst den halvannan timen fisketuren varte, og fleire fiskeslag var representert i fangsten.

Sjølvfiska fisk smakar best! Foto: Laila K. Bergli

Etterpå vart fisken koka og servert til turdeltakarane. Alle var samde om at sjølvfiska fisk smakar best!

Nedanfor nokre fleire bilde frå fisketuren. 

Publisert: 25. mai 2021, 21:30