Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SØK SOMMARJOBB-17 2021!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. mai 2021
Ungdommar som fyller 17 år i år og er registrert busett i Surnadal kan søkje på ordninga «Sommarjobb-17». Hovudmålet er å gje ungdommane innsikt i arbeidslivet, og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.Dei som får tilbod gjennom ordninga får arbeid i 2 veker kvar og må kunne arbeide desse to vekene samanhengande. I år er det ungdommar født i 2004 som er i målgruppa.  Ordninga har tidlegare år vore 100% finansiert av Surnadal kommune. I år vil finansieringa være ein kombinasjon av kommunal finansiering via næringsfond og finansiering gjennom private verksemder. Det vil være NLT Indre Nordmøre som blir den formelle arbeidsgivaren og som sørger for arbeidsavtalar, lønn og attestar. I tilfelle mengda av søkarar blir større enn det ein har på plass av finansiering, blir dei som får delta i ordninga trekt ut ved lodd-trekning

Aktuelle arbeidsplassar:

Følgande verksemder er med og deltar i finansieringa og er dermed aktuelle arbeidsplassar:
Surnadal IL, Surnadal Sparebank, ALTI Forvalning AS, Consto Midt-Norge AS, Surnadal kommune.

Tilsettingsvilkår:

Tilsettings- , lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk. Krav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, for arbeid innan pleie- og omsorgstenestene.

Korleis søke:

Søknaden sendast som ein vanleg epost til: indre.nordmore@n-lt.no , NLT Indre Nordmøre.

I søknaden må det stå namn, adresse, epostadresse, personnr og telefonnr. Ein må også skrive bankkontonummeret sitt der lønna skal utbetalast. Eposten skrivast som ein vanleg søknad, og det er viktig at du skriv i søknaden kva for arbeidsoppgåver og arbeidsplass du helst kan tenkje deg, men vi kan ikkje garantere at du får ønsket ditt oppfylt.

Dersom det er veker i sommar du ikkje kan arbeide, må du hugse å skrive det i søknaden din. Dei som kan søke må vere fødd i 2004 med bustadadresse i Surnadal.

Søknadsfrist: 31.mai kl.23.59

Publisert: 21. mai 2021, 13:23