Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bondehuset i Stangvika 100 år

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. mai 2021

Det store og ærverdige forsamlingshuset i Stangvika, Bondehuset, vart bygd for 100 år sidan. Dette jubileet blir markert 2. pinsedag med variert program i Stangvika.

Bondhehuset vart oppført av Stangvik bondelag etter initiativ av Fredrik Bruset. Fredrik var den rikaste mannen i Stangvik etter å ha tent seg rik på gullgraving i Alaska.

Progmammet for dagen er slik:

11:00. Opning av utstilling i Bondehuset Galleri med verk av Dorothea Follestad. Fotoutstilling i Storsalen ved Brit Dyrnes, Anne Nes og Berit Anne Røkkum.

12:00: Vandring frå Bondehuset via Jaren til Rønnan med lokale vertar; Terje Ramsøy Halle, Marit Haugen og Torbjørn Brøske.

13:30. Velkomen til Rønnan ved vertskap Brit Dyrnes og Anders Askeland.

14:00: Kåseri ved Svein Sæter om korleis Fredrik Bruset fann gullet.

Det blir sal av kaffi og te ved Bondehuset og sal av fiskeburgar ute i hagen ved Rønnan.

På grunn av koronapandemien vil det meste av arrangementet gå føre seg ute. Begrensa tal publikum inne og registrering.

Det er gratis inngang, men med friviilig bidrag til Stangvik grendalag ved VIPPS.

Arrangørar er Stangvik Grendalag, Stangvik Historielag, Bondehuset 100 år og Rønnan.

 

 

Publisert: 22. mai 2021, 09:29