Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G9 – sesongens første heimekamp

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. mai 2021

Torsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9 lag sin første heimekamp på Søyabanen denne sesongen. Tidlegare har laget spela ein bortekamp mot Tingvoll. På den andre banehalvdelen hadde heimelaget fått besøk av Bøfjord/Bæverfjord, så dette var eit «klassisk» lokaloppgjer. 

Søya/Todalen G9 klar for sesongens første heimekamp. Foto: Ellinor Moen

Rapportane fortel at båe laga spela ein god kamp, og at publikum fekk sjå eit fartsfyllt og morsomt lokaloppgjer på ei fin grasmatte. 
 
Rapportane fortel vidare at dommaren var god og rettferdig. Det gav god stemning både på og utanfor banen!
 

Dommaren var god og rettferdig. Foto: Ellinor Moen

 
Rett før kamp var det litt nedbør, men kampen vart spela i opphaldsvêr. 

God stemning òg etter kampen. Foto: Ellinor Moen

 
I kisken kunne dei freiste med mange forfriskingar, men rapportar kan tyde på at det var bakelsa som freista aller mest!
 

I kiosken kunne dei lokke med mange forfriskingar, spesielt bakels! Foto: Ellinor Moen

 
Reportasje frå kampen kan du òg lese på Idrettslaget Søya si Facebookside
 
 
Publisert: 21. mai 2021, 09:46