Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rekordarta biltog rundt bygda.

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mai 2021

Sjølv om feiringa av nasjonaldagen var prega av koronatiltak, så la det så absolutt ikkje nokon dempar på feiringa. Som seg hør og bør var dagen prega av mange bunadskledde og oppstasa deltakarar og så vart det ei skikkeleg rekorddeltaking i biltoget – heile 88 biler passerte Trudvangkrysset kan Torill Talgø bekrefte.

Egentleg var vi da førebudd på ein regnvêrsdag, med værgudane glimta da til med både litt solgløtt og med litt varme, som bidrog til at det vart ein flott dag med mange flagg og ikkje minst god stemning. 

Årets nykommar var Nettbuss som stilte med skulebussen. Odd Magne Heggem Grytskog er sjåfør på skulebussen, og på runden rundt bygda i dag hadde han bestemor Ingrid Heggem. Ho er nok kjent som mangeårig drosjesjåfør i Surnadal, så det er ikkje rart om Odd Magne har sjåførgener i seg. Foto: Jon Olav Ørsal

Årets nykommar i biltoget var Nettbuss som stilte med den store skulebussen, med Odd Magne Heggem Grytskog attafor rattet.  Dersom bildet frå Brusetbrua kjem til sin rett, så ser vi at det var liten margin når bussen skal svinge ut frå brua.  For at bussen skulle få plass måtte kjøreruta legges om i dag, og dermed bar det oppover bygda på sørsia og nedatt på nordsida – og bussen snudde i Trudvanskrysset. 

Det var trangt om saligheita på parkeringsplassen utafor gammelfabrikken i Brusetmarka. Her var det rett og slett fullparkert. Foto Johan Ranes

Med så mange bilar vart det nærast kaos ved Gammelfabrikken når alle bilane skulle snu og kome seg i posisjon for å starte på turen nedover bygda. Strenge koronatiltak bestemte at folk ikkje fikk gå ut av bilane verken på starteplassen ved Matkroken eller på snuplassen ved Gammelfabrikken. Det la ikkje nokon dempar på stemninga, men det vart dermed berre ein kort stopp. 

Siste gong fana til Todalen skule er i bruk? Her er frå ventre Torild Gjeldnes med Tormund, Cathrine L. Kårvatn, Kjetil Sogge, Ingeborg Myrvang og Britt Mossing i Pilskarkrysset. Foto: Jon Olav Ørsal

På turen nedover bygda igjen gikk som sagt turen over brusetbrua og vidare nedover på nordsida.  Ved Pilskaret markerte Todalen skule seg for siste gong i 17. maiarrangement. Borna ved skulen hadde laga flotte plakatar, og skulefana vart sikkert bruka for siste gong etter som skulen legges ned når dette skuleåret er slutt.  Det er vemodig, men fakta sannheit!

Den ordinære feiringa av dagen er i Todalen som dei fleste andre plassane avlyst på grunn av smittevernsreglane, men i Todalen kyrkje blir det arrangert gudsteneste kl 14 i dag.  

Russen var sjølvsagt med – det har vore tradisjon i mange år. Her er «mannskapet» frå 2 av russebilane og trivelege elevar som no er ferdige med grunnutdanninga. Foto Jon Olav Ørsal

Elinor (gammelredaktøren) fikk blinkskot frå Ja-benken på Hyllå. – Her er biltoget på tur nedover – med bilar tett i tett – frå Husby til Kvennset. Foto: Elinor Bolme

På turen rundt bygda tok vi mange bilder og har nedafor lagt ut eit utval –  her går det an å sjekke om det er nokon ein kjenner, eller kanskje bilar som ein kjenner. 

Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2021, 12:39